søndag 19. juli 2009

Meir vatn

Utsikt frå Eitrenipa i går morgon Det var tid for skikkelege uteklede i dag tidleg då eg tok morgonturen på Hjartåsen i Askvoll. Skodda låg tett allereie over Prestemarka. Og inn Askdalen og opp var den tjukk som graut. I tillegg yra det tett. På toppen tok vestavinden òg godt. Så kan trygt seie at det vart ein frisk morgontur der nede. Etter å ha teke det roleg opp skreiv eg meg inn i boka kl.08.10 og småsprang ned igjen. Litt uvant med alle kleda når ein har sprunge i berre shortsen lenge. Og vart ganske våt av sveitte og kondens. Dette er jo det klassiske problemet med høg aktivitet i dårleg vèr. Let du opp for mykje blir du våt ut i frå. Let du for mykje igjen blir det problem med kondens... Seinare Olaug hadde jobb på Skjærgårdstreffet i dag òg. Så eg køyrde ned til Askvoll med Peter i ettermiddag, slik av vi fekk med oss veteranbilprosesjonen. Etter at det opplegget var ferdig og husmormusikken dundra ut over kaianlegget sa eg til Olaug at eg stakk av. Orka ikkje å gå og stane i folkemølja. Og at eg kom igjen etter at eg hadde vore på Dokka. Problemet var at eg måtte av stad i det eg stod og gjekk i - ei piratbukse og eit par Nike joggesko utan knottar. Det viste seg nesten skjebnesvangert ned igjen den våte kammen. Eg låg og valt som ei gammal purke. Låg langflat eit halvt dusin gonger, og måtte sett ut som eg hadde rømt frå gamleheimen. Steik kor glatt det var på berga og graset i desse skorna... Totalt ubrukelege til anna enn på flate vegen! Etter at vi kom heim igjen var det blåbærkake nede ved sjøen ilag med Ben & Viola. Kjempegod! Dei er veldig gjestfrie tyskarane. Og alltid kjekt å høyre korleis det står til både her og i Tyskland. No får vi håpe det kan bli brukande vèr neste helg. Eg har lovd å ta dei med på ein overnattingstur på Nipebu. Det kan jo bli kjekt...
Fra Dokka 1907

Ingen kommentarer: