onsdag 1. juli 2009

Kvelande varmt

Stølsfjellet i føremiddag Eg tenkte på turane på Eitrenipa i vinter då eg gjekk opp bakkane på Hjartåsen i kvelande varme i dag. Kva tilhøve var egentleg best å gå i...? Sjølvsagt ei umogeleg spørsmålsstilling, men likevel... Med sekken full i ull og kledd som ein andekylling i dun for ikkje å fryse forderva då - til rennande sveitte i berre shortsen no! Så klamt og sveitt og vanskeleg å puste at det nesten var som om føtene nekta å bevege seg meir.. Tanken slo meg òg om då eg låg på ei strand i Tyrkia ein sommar og lengta til vinter på Toreheia. Og kom vel i hug at på same vinterturen ved varden på Toreheia, gledde eg meg veldig til Tyrkia og turen eg nettopp hadde bestilt... Artig! Slik er vel livet. Den største gleda ein har er vel å ha noko å glede seg til. Og når tida har gått litt hugsar ein gjerne det positive og har fortrengt det negative! Viktigaste lærdommen må vel vere å glede seg over livet der og då... Ein skal no på ingen måte leve noko meir ein gong i framtida enn akkurat no heller... Nei, dette får vere dagens vesle filosofiske betraktning - det er så mykje ein filosoferer over når ein går åleine på tur...:-) Turen på Stølsfjellet, etter at eg leverte Peter på fotballskulen, var iallefall meir behageleg. Med skugge i brattaste partiet over Nigardsstølen, var det reint behageleg å forsère opp bakkane. Og på toppen var det ein liten trekk i tillegg. Men etter at desse to fjella i Rivedal og Askvoll var i boks, var det rett på Coop`en å kjøpe seg to halvliterar med Cola. Ja, eg skeia skikkeleg ut med ein melkesjokolade òg...:-)
Fra Stølsfjellet_Hjartåsen 010709

Ingen kommentarer: