mandag 27. juli 2009

Familetur på Nipebu 25-26/7

Viola, Ben, Olaug, Andreas, Peter og meg etter endt tur på Nipebu Sola dukka opp før vi skulle heim Tysk vennepar var med oss på Nipebu i helga 

Sjøv om regnet sila ned, og skodda låg tjukk i fjella lørdagsmorgonen, var det ingen av oss som ein gong rynka på nasa over vèret. Vi la friske og opplagde i veg til Nipebu. Vi, det var Viola og Ben frå Pulsnitz utanfor Dresden, Peter og Andreas (kompis av Peter), Olaug og meg. 4 voksne og 2 katar. Viola og Ben er eit tysk vennepar som vi vart kjende med sommaren 2000, då dei var på ferie i Stongfjorden og budde nedom huset vårt, ved sjøen, i sommarhuset. Sidan har vi helde kontakten. Dei har vore i bygda fleire gonger etterpå. 

Vi gjekk frå Markavatnet ca kl 9.30. Som "turistvertar" har ein sjølvsagt mest lyst å vise fram alle naturperlene våre. Med handa på hjartet kan ein vel ikkje akkurat kalle Markavatnet for det i sommar. Så vanvittig nedtappa som vatnet har vore og er... Men som flittige lesarar av bloggen min, var likevel Viola og Ben klar over tilstanden ved vatnet. (Dei har faktisk lært seg mykje gjennom bloggen min..) Likevel gjorde det sterkt inntrykk å sjå vatnet live.

Meteorologen hadde lova betre vèr utover dagen. Og allereie rett ovanfor brua over elva frå Leknesvatnet, måtte vi til å lette på antrekket. Det var nemleg fin temperatur å gå i, og regnet gav seg heilt. Det er alltid viktig å sleppe ut varme og sveitte frå dampande kroppar... Ikkje minst når det lettar i vèret og alt er klamt... 

I dei flatare partia og myrane før oppstigninga til Krokavatnet, vart skotyet sett på alvorlege prøver. Terrenget var søkkvått. Og over myrane var det overflatevatn. Katane klarte seg bra i gummistøvlar. Verre var det med dei voksne. Ved ankomst Nipebu var det berre underteikna som var tørr på beina. (Gutane hadde sjølvsagt gått seg under). Lørdag var det absolutt ein fordel med gamasjar i tillegg til gode/tette sko... Som alltid er skotyet ei utfordring. Store og tunge fjellsko er lite eignelege når det er varmt i vèret, og underlaget er tørt, som før i sommar. Iallefall når du ikkje skal opp i steinete terreng i alpine soner. Du blir veldig varm og sliten i føtene av fjellsko då. Men når det er skikkeleg vått, er det nesten berre gummistølvar som duger. Fjellskoa skal vere rimeleg nye, eller særs godt vedlikeheldne, om du skal greie å halde deg tørr på føtene over noko særleg tidsrom. Utfordringa på lørdag var dessutan våte steinar, berg og sva. Det er lett å gå på nasa. Så litt ekstra varsemd er påkreve. 

No er stien til Nipebu frå Markavatnet så godt merka og sikra fleire plassar at dette er til stor hjelp. Det har vore lagt ned mykje dugnad på ruta... Spesielt Agnar har lagt ned mange timar her. Det vart litt småpausar på oss oppover. Bildetaking er viktig...:-) Og med så mykje blåbær som det er i liene no, er det vanskeleg å ikkje stoppe. Bæra formeleg skrik etter å bli etne... Og blåbær er visst noko av det sunnaste ein får i seg. Full av antioksidantar (heiter det same på tysk..:-)) 

Ved Krokavatnet tok vi av oss ryggsekkane og fekk i oss litt drikke. Tid for sjokolade for gutane. Dette førte til at neste etappe til toppen av skaret på Fossedalshengenipa gjekk som ein leik! I selskap med kvarandre dansa gutane opp bakkane. Og vi voksne måtte berre henge oss på...:-) Det er flott utsikt mot Nipebu rett nedom skaret på sørsida. For tyskarane var jo dette eit lite "sannhetens øyeblikk"... Og lovorda let sjølvagt ikkje vente på seg. Eg sjølv blir alltid litt "varm om hjarterota" når eg kjem denne vegen og ser ut over dette praktfulle landskapet. Eg høyrer heime her, eller litt pompøst - eg har sjela her..:-) 

Vi kom fram til Nipebu i to, tre forskjellige puljer. Viola som kom sist måtte ta bilder av mykje...:-) Og gutane måtte jo springe når dei såg hytta. Det var ikkje ei sjel der. Og det var berre å velje seg eit rom. Gutane ville sjølvsagt liggje på hemsen. Det var fire dagar sidan sist det hadde vore folk i hytta, så vi kveikte godt opp i omnen. Nipebu er reine luksushytta. Godt utstyrt proviantlager, gasskomfyr, og rikeleg med ved gjer dagane enkle... Vatn må ein sjølvsagt bere. Og ein har fått opp nytt utedo - som no var måla innvendig. (Sikkert Asbjørn eller Agnar som har fiksa den biffen...) Utedo heiter forresten Donnerbalken på tysk..:-)) 

I løpet av kvelden fekk eg tre flotte kjø. Med dobb og mark var jo det ekstra spennande for gutane. Og Peter fekk dra inn den eine. Med sluk var det håplaust både langs land og frå båten. Men kva gjer vel det når fotoappartet heng lageleg til over skuldra... 

Litt seinare ut på kvelden seier Ben til meg at det gjekk ein annan fiskar langs land lenger aust. Mon tru kven det var... Gutane sprang sjølvsagt vedkommande i møte. Ein kjenning frå Askvoll dukka opp. Leif F. hadde vore i Svartetjønna og fiska, og kom til Nipebu for natta. Det kan ofte vere litt spanande kven ein treffer på turisthytter. Men utan unntak kan eg seie at det berre er flotte bekjentskap. Ikkje minst er det kjekt å treffe nye folk med same friluftsinteresser som ein sjølv. Difor er det òg så lett å kome i kontakt med folk. Og Leif er jo alltid ein særs blid og hyggjeleg kar. Vi fekk oss ein minnerik kveld i lag på hytta. 

Eg var som vanleg tidleg opp søndagen. Vakna først i 04-tida, men då var det formeleg heilt mørkt ute. Så eg la meg til igjen og sov ein times tid til. Eg rodde meg deretter ein dorgetur langs land ut i ytste enden av vatnet, før eg tok ei runde innatt i inste enden. Heilt komplett daudt! 10 grader, skodde, blikkstille og litt småyr i lufta, var langt frå idèell forhold. Ikkje eit vak på den blanke yta sa vel sitt... Og i 8.30 veiva Viola frå hytta - og det betydde nok frukost! Eg var kald og ihelsvolten. Og med null resultat å vise til! Heldigvis hadde eg eit par gullkorn på minnebrikka...:-) Oj, det smakte med frukost! Eg kom ut av teljinga på antal skiver - var det tosiffra...? 

Leif er ein gentleman. Har tok likegodt med seg Peter og Andreas, rodde inn i inste enden av vatnet og gjekk opp i Nipevatnet for å fiske. Karane vart vekke i 3-4 timar... Leif er nok ein tolmodig kar. Og akkurat det lyt ein vere når ein har med seg to 9-årige gutar på fisketur med fiskestong og 0.20 mm gøtt... Det kan jo vere ei utfordring for kven som helst, iallefall for 50-åringar som skal knyte knutar i tussmørke...:-( Gutane kom igjen med fire flotte kjø. 

I mellomtida hadde eg fått meg ein liten blund på auga. Viola og Olaug tok kanoen på sightseeing, medan Ben og eg tusla med fiskestanga langs land. Det slo til ein og annan flott fisk på mark. Vi prata om ymist. Det er alltid som musikk i øyra mine og høyre kor viktig det er for turismen at naturen blir teken vare på, og ikkje skusla bort med alt slags utbyggjingar. Det er stilla, det ekte og den personlege kontakten med folk turisten er på jakt etter. (Sjølvsagt er det dei som vil ha komfort. Som vil gasse seg i mat og drikke - Tyskland har over 80 million innbyggjarar). Stongfjorden, Nipebu og naturen ikring her er difor den ultimate ferien for Viola og Ben. Og vèret, som vi er så opptekne av skal vere bra når her kjem turistar, bryr dei seg lite om. Då hadde dei heller reist til Spania er svaret eg får når eg stiller slike spørsmål..! 

Vèret var blitt bra ut på søndagen. Då Leif kom igjen med gutane, fyrte vi opp bål og grilla 11 fiskar i folie. Det er berre himmelsk kor godt kjøa smakar slik med litt salt, pepar og smør opp i. Den smeltar på tunga. Og til og med Peter som er litt sær på fisk (av ein eller annan grunn...:-) åt av hjartans lyst. Vi kosa oss skikkeleg sitjande på benkane nedom hytta i ettermiddagssola.

Damene hadde teke seg av det grøvste i hytta på førehand, og igjen stod berre siste vasken av golv og bestikk/asjett. Så ei stund etter at vi hadde ete, var det klart for avgang Markavatnet. Leif slo følgje inn i "krysset" for ein tur i Svartetjønna, medan vi andre heldt fram den merka stien til bilane. Vi hadde litt småstopp ned igjen for blåbær-eting, sjokolade, drikke, plukking av planter til herbariumet til Olaug og "leik og spel"...:-) Og for Peter og Andreas sin del var det greitt at dei akkurat slo meg som førstemann til bilane..:-) 

Etter at vi var på veg heim måtte eg passe meg vel for ikkje å forlove meg, då Peter og Andreas ville opp igjen snart... "Vi fekk no sjå når det passa seg slek" var jo eit passeleg rundt svar å komme med der og då...:-) 

Fantastiske Nipebu. Du nydelege naturområde. Stille ligg du der... Kor du kan fylle livet med gleder...


Peter og Andreas ville på Nipebu igjen med Leif Follevåg




Ingen kommentarer: