mandag 20. juli 2009

Sommar og flått

Viola, Olaug og Tora ved sjøen nedanfor huset i går. Viola og Ben serverte nydeleg tysk blåbærkake. Eg er ganske så lei flåtten for tida. I går fjerna eg minst 10 av sorten, og i kveld vart eg vàr fleire som kraup opp etter føtene medan eg køyrde heim frå Rivedal. Ikkje det at eg bryr meg nemnande om Borelia smitte, men bitta klør så forferdeleg etterpå når eg har fjerna krypa. Spesielt om natta då eg må opp og smørje på meir Eurax eller fjerna andre som eg ikkje har fått vekk. Kvar dei kjem frå må no fuglane vite. Eg dusjar med det same eg kjem heim. Men det er nokre livskraftige krabatar dette. Som eit lite eksempel kan eg nemne at hin kvelden brukte eg pinsetten som vanleg, kneip til og fjerna ein som sat fast og skåla den ned i vasken - trudde eg... Men då vatnet forsvann, låg flåtten igjen i vasken og han var minst like livleg som før... Akkurat det var litt sjokkarta...! Eg veit sjølvsagt at eg "skal kle flåtten ute"... Men eg nektar simpelthen å kle meg i vintermondur for den hersens flåtten sin del. Det er sommar og sommartemperatur. Då går eg i shorts! Og ingen flått skal få på meg kle for den sin del! Som sagt var eg ein tur til Rivedal i kveld og gjekk på Stølsfjellet. Må seie at eg hadde bra flaks - for etter at eg hadde sprunge ned igjen, ja, i berre shortsen, opna alle himmelens sluser seg. Det plaskregna! Var like greitt å ta den byga i bilen på veg heim..:-) Ben ser rimeleg nøgd ut etter kaffi og blåbærkake...

Ingen kommentarer: