lørdag 13. juni 2009

Gamalt Fjaler-land

...eller home is where the heart is... Eg tok ein liten vri over eit kjent tema i dag og gjekk Markavatnet/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla, Fossedalen og Fossevikja med båttransport til Eikenes igjen. Eg har ei kjekk kone. Ho lèt meg styre på med mitt. Og stilte nærast opp som Mor Teresa i går kveld då eg sa eg kunne tenke meg å køyre bilen til Eikenes for å ha den ståande der. Til eg kom igjen frå fjellet i dag. Båttransport frå Fossevikja til Eikenes skulle Sillan syte for. Eg måtte ha transport til Markavatnet i dag tidleg òg. Olaug stilte sjølvsagt opp igjen, før ho skulle på Vårslepp på Værlandet med Peter, veninner og andre ungar. Planen var lagd... Og eg kunne sleppast til fjells... igjen:-) Vi var på plass ved Markavatnet kl 08. Og Olaug ynskte meg god tur... Det var delvis skya og stilt. Litt vått i graset etter regn om natta. Og så usikkert som vèret var, og relativt kaldt som det har vore, hadde eg med meg litt klesbyte. Shortsen tenkte eg ikkje på, men gjekk i softshell buksa. Eg gjekk opp den vanlege ruta. Stien er begynt å bli bra oppgådd no...:-) Noko som gjer det betre å ta seg fram opp skogen. Oppe ved Leknesvatna keik sola fram ein periode. Fjell og natur spegla seg i ei blank vassyte. Og vått bjørkelauv bada seg i morgonsola. Som i eit eventyr... Eg stogga som vanleg litt ved brua og såg på kjøa som leika seg i sollyset. Både i elva og i vatnet. Her er fin steikefisk i Leknesvatna. Det var kjekt å sjå at ein flokk sauer hadde funne vegen heilt oppunder Eitrenipa. Dei hadde sjølvsagt trekt høgast mogeleg opp under snøkantane, der det nye graset av året er saftigast og mest næringsrikt. Lamma var svært nyfikne, og samla seg i ein stor flokk for å iakta dette framande oppe i fjellet med bein og stavar...:-) Det gjekk lett opp skara og til topps. Fine berg å gå på no. Eg hadde sett på ei regnbyge som kom vestfrå ei stund. Men det vart berre med litt yr, før det heile var over. Likevel var det fint å kunne skifte ei trøye og ta på seg ei jakke. Var nok ikkje mange varmegradene her i dag... Etter eit lite stopp, både ved varden i nord og sør, gjekk eg austover og ned til toppen av Eitreskaret og sør til søkket opp på Nordre Kringla. Her er det glatte og bratte svaberg både for å komme seg ned og opp igjen. Men eg traff der eg visste det gjekk an å krysse løypa frå Nipebu til Massbu. Og sjølve oppstigninga på Nordre Kringla tek ikkje meir enn eit kvarters tid på blanke svaberg (jmfr. bilder). Det er ei stund sidan eg har vore her på toppen. Og nokon hadde gjort ein flott jobb med å byggje opp att varden som truleg var teken av lynet for nokre år sidan. Artig å sjå det kjende landskapet frå ein ny vinkel. Og nydeleg utsikt ned til Øvre Fossedalen. Og ikkje minst mot den praktfulle Eitrenipa frå sør med skaret opp på denne sida. For å komme seg ned frå Nordre Kringla og opp på Søndre, må du igjen litt aust for å finne ei skår som fører ned i eit djupt søkk som deler fjella. Opp og ned igjen. Berre at det er litt lenger og litt flatare opp på Søndre Kringla enn opp på Nordre. På Søndre er det praktfull utsikt over Dalsfjorden og Dale. Og elles i alle himmelretningar. Eg sat ei stund her, tok meg litt drikke og funderte over bygda og livet... Ned frå Søndre Kringla og til Øvre Fossedalen er det berre ein veg. Skåra på vestsida. Den er lett å finne, og vegen seier seg sjølv. Over skoggrensa. For stykket mellom starten på skåra opp, og ned til elva over Øvre Fossedalen, er det no ganske tilgrodd med bjørk. Dette stykket er berre på eit par, tre hundre meter, så det burde absolutt vore fort gjort å fått rydda unna litt frå stien. I partiet ovanfor Øvre Fossedalen har det vore rydda. Ikkje i år, men likevel. Det eine stølshuset er bra vedlikehelde. Det andre treng eit strøk maling og skifte av nokre bord. Diverre ser det ikkje til å gå dyr her lenger, så då gror vel dei flotte grasbakkane til snart... Å komme ned til Fossedalsvatnet og Fossedalen er som å vandre tilbake i eigne fotefar. Dalingane har alltid brukt området flittig. Og det var nok her mykje av grunnlaget for fjellinteressa vaks fram frå barndommen av. Både i form av teltliv, og ikkje minst på hytta til Haralden i Dale på Dalsstølen. Når eg går etter vatnet kan eg memorere teltplassar, fiske- og badeplassar. Berre kjekke og gode minner frå ei god barne- og ungdomstid... I enden av det idylliske Fossedalsvatnet, på svaberga der vatnet stuper seg utfor hammaren og ned i Nedre Fossedalen, tok eg meg ein god pause igjen. Det var lite vatn etter svaberga og i fossen (typisk vestlandsvassdrag som veks fort opp og minkar raskt etter mengda på nedbøren). Det er god ro i rennande vatn... I nedre Fossedalen var det ikkje folk i dag. Eg stoppa og tok nokre bilder. Studerte bygget for toalettet som kommunen har kravd fjerna. Deretter gjekk eg ned på ELRAKI og tok nokre bilder av den flotte hytta til Ingrid F. Fantastisk flott der ho ligg ved Fossedalselva. Eg snakka med Sillan, broderen, på mobil undervegs til Fossevikja. Det viste seg at ein kollega, Hugo F., hadde båten og venta. Hugo var veldig grei og skyssa meg til Eikenes på nokre minuttar, før han heldt fram dorgeturen. Takk igjen Hugo! Så då stod eg igjen på Eikenes og kunne sette meg i bilen og køyre heim. Lukkeleg over ein super dag på fjellet... Ei vandring på gjengrodde stiar og tilbake i tid...
Fra Eitrenipa_Kringla_Fossedalen 130609

Ingen kommentarer: