søndag 7. juni 2009

Familietur på Eitrenipa

Gjengen samla etter endt dyst... Vi reiste eit fylgje ilag på Eitrenipa i dag tidleg. Frå Mjåset kom Dag Tore, Anita og tvillingane Julie og Kristine, frå Stråmen kom Vigdis og Sander, og frå Yndestad kom Olaug, Peter og Gustav. Saman ville vi bruke dagen på fjellet. Vi samla oss ved Markavatnet kl 10. Eller det vil seie - det som er igjen av det. For no er det nesten berre ein vasspøl av leire igjen av heile vatnet. Det var for ordens skuld kome oppslag som vitna at SFE har løyve av NVE til å senke det under grensa - spørsmålet er om dei har løyve til å fjerne det? På den anna side er det jo betre at ein moderniserer allereie utbygde kraftverk enn at ein byggjer nye i sårbar og urørt natur... Vel, vi kom oss raskt forbi dette sorgens kapittel og opp stien på nordsida av elva frå Leknesvatna. Eg hadde teke med meg ryddesaks og ville ta unna ein del einer og busker som eg visste skulle vore fjerna tidlegare. Det vart likevel travelt nok og skulle gå fremst, rydde til dei andre, og unngå at dei måtte vente... Så eg vart rimelegvis gjennomsveitt av å skulle gjere to ting på ein gong...:-) For det var hardt å skulle halde følgje med Sander og Peter. Dei gjekk så det grein oppover. Og vi måtte stadig vekk halde dei att... Som reine ungfolane om våren spratt og dansa dei oppetter. Vi kom oss opp til strengen i berget ved fossen så lett og greitt som ingen ting. Ungane var utruleg flinke til å gå. Sander og Peter jumpa elegant opp skåra i fjellet. Likeeins med Julie og Kristine som berre trengde ei hand øverst oppe. Kjempeflinke. Og innover langs vatnet måtte eg seie til Dag Tore at tvillingane minte meg om ballerina dansarar - så trippe, trapp, trapp, trapp, lette på foten at det var ein fryd... Så til brua over elva mellom vatna gjekk det som ein leik. Her tok vi oss ein pause. Drikke og litt godsaker skulle gjere sjølve klatringa mot toppen lettare. Vi begynte deretter på den lange grasbakken opp til sjølve fjellet. Det er ganske bratt og krevjande for små barneføter opp hit. Men utanom eit par småstopp undervegs var vi komne heilt oppunder fjellet, og tok til på dei krevjande skårane... No fekk visst Peter los. Han fekk vel toppfeelingen... Vi måtte vente ropte Olaug. Men eg tykte det var for gale å halde katen igjen når han ville høgre fortast mogeleg. Opp hamrane klauv han som ingen ting. Eg måtte ta i for å halde følgje. Han hadde bestemt seg. Han ville først opp. Så det gjekk så det kvein opp skårane. Og han fekk det som han ville der oppe - jubelhylet av først på toppen:-) Men jammen fekk vi oss ei overrasking då vi gjekk bort mot andre varden, og Sander og Vigdis kom opp skaret, med dei andre hakk i hæl. Fantastisk! Alle dei små barneføtene hadde teke seg opp på toppen på 2,5 timar... Det vil eg kalle litt av ein prestasjon! Vi sat på toppen omlag ein halvtimes tid og kosa oss med mat og drikke og andre godsaker. Men når ungane til slutt var nøgde, og helt på å rive ned fjellet, tok vi på heimtur. Største moroa på turen heim, var sjølvsagt i snøen i skåra. Sommar, unnabakke og snø er ein super kombinasjon...:-) Eg rennde på skoa, gjekk på rumpa, og det gjekk så grådig å sigle slik på shortsen at eg like godt sat resten av snøen ned. Sander og Peter heldt aldeles på å knekke seg sunde av latter. For eg fekk slik fart at eg måtte bremse på slutten, så eg ikkje fekk meg ei blå ei i enden av snøen. For der var det svaberg... Då vi kom ned igjen til vegetasjonen rydda eg ein del meir langs stien. No gjekk eg stykkevis og delt etter dei andre. Utanom eit par små stopp undervegs, var vi ved Markavatnet igjen i 15.30 tida. Sander og Peter hadde kosa seg slik at Peter likegodt vart med han og Vigdis ned igjen i Stråmen òg. Ungane imponerte stort. Inga klaging. Og tvillingane til Anita og Dag Tore er eit kapittel for seg sjølve. Snakk om fjellgeiter - eller killingar rettare sagt... Takk for ein super dag folkens. Gir alltid meirsmak slikt...
Fra Eitrenipa 070609_familietur

1 kommentar:

AG sa...

Dei skal tidleg krøkast for å bli ein god krok og dette lover godt :)