lørdag 4. april 2009

Kvite vidder

Skodda ligg framleis ute i havet rundt Svanøya og øyane i Florø Eg var klar. Klar for årets første Blægja-tur. Spent. Spesielt på øvste skaret og skavlen ved topp-platået. Også sjølvsagt på snøforholda. Eg vakna tidleg. Skodda låg tjukk som graut rundt husnòva. Såg ikkje bort på hi sida av fjorden eingong. Eg banna innvendig. For det måtte vel lette? Eg sat ein time lenger enn eg hadde tenkt, og visste ikkje heilt korleis eg skulle takle dette. Skulle eg gå og satse på at det letta? Eller skulle eg vente å sjå og evnt, velje eit anna mål? Men i 08-tida såg eg det lynsa og køyrde i Rørvika. Her inne var skodda letta tidlegare. Ikkje ei sky på himmelen. Perfekt! Så eg tok av garde den vanlege "sommarvegen" opp dei bratte bakkane. (Frå Rørvika til Blægja går du frå havet og omlag rett opp til 1304 moh. Toppen ligg over hovudet på deg når du står i Røvika). Første snøen traff eg ein liten halvtime seinare. (Der du kryssar den små elva frå Rørviknipa ved dei kvite bjørkene). Overrasking. Snøen heldt ikkje heilt. Hmm... Eg trudde det var skare heile vegen. Men eg beit tennene ihop. Oppe ved saltsteinane til sauene, tok eg bratt og beint opp mot Rørviknipa, slik at eg kom opp ein del aust for hytta. Det var blytungt, men greitt å spare litt tid i dette uveissame området. (Snøen hadde glatta ut heile bakken opp). Eg kom meg såleis raskt opp under Rørviknipa. Snøen heldt ikkje heilt her oppe heller. Det var framleis tungt. Heldigvis er formen god! I partiet der du rundar Rørviknipa og passerer vatnet, før du tek til på ura opp, hang det tunge snøgavlar frå nipa. Fleire ras var gådde her tidlegare. Endå var ikkje sola komen, og eg kom meg forbi utan problem. Opp sjølve stigninga mot "salen" mellom Rørviknipa og Blægja-platået var snøen fastare. Her hang òg snøgavlane faretrugande frå fjellet ovanfor... Eg tok på broddane. Første delen gjekk fort opp. Lenger oppe i det brattaste partiet, var det hardt. Og eg måtte vere obs. Miste eg fotfeste her ville eg sigle fleire hundre meter til botnen av dalen... Heilt oppe under topp-platået, måtte eg studere litt for å finne ein plass å komme over skavlen. Det er bratt her. Og hard skare som ikkje sola var komen til. Sigla eg her, ja, ja, då vart det iallefall lite goretex igjen... Men eg fann eit litt lausare parti som kryssa først til høgre og så til venstre, og eg vippa meg opp over kanten... Fantastisk! Utruleg! For ei utsikt... Årets første Blægjatur... Og varden låg der som ein diger sopp... Men det bles litt. Bles frå skyfri himmel:-) Eg fekk skifta ei trøye der bak varden og knipsa nokre bilder rundt omkring. Det hadde ikkje vore ei sjel her. Første mann ut:-) Eg hadde likevel meir på programmet. Eg gjekk ned igjen same plassen over skavlen, og tok ruta rett under fjellet mot sør, og tok opp mot Likkjeblægja. Her steikte sola inn i snøhellingane. Herleg, men det vart ganske blautt av det. På grunn av snøforholda kunne eg ta litt meir beint opp på nordkanten og kome meg fint opp på toppen. Her er det nydeleg utsikt til Dale og tilbake mot Blægja, Rørviknipa og Storehesten i aust (sjå bilete). Den vidare turen Eitrenipa gjekk òg heilt fint. Praktfulle forhold vestover Blåegga. Duvande, kvitt landskap bada i strålande sol. Og mange av dei langsgåande ryggane var greie å forsere på grunn av mykje snø som hadde flata ut berga og hamrane. Eg begynte brått å syngje... av alle ting - "He`ll have to go" av Jim Reeves - kva som gjer slikt? Det var nok mor mi eg hadde tenkt på som utløyste det trur eg... Men det rarast av alt var at årets første snøsporv flaksa rett forbi fjeset på meg i det eg sang... Utruleg rart. Nesten litt oververdsleg (Eller var det berre at han vart forstyrra av den falske og hesa synginga mi....:-)) Eg kjende det likevel godt i skrotten då eg nærma meg oppstigninnga på Eitrenipa frå aust. Snøen hadde for det meste vore tung og våt vestover... Så opp på toppen gjekk det seint. Var ikkje same fråsparket lenger som då eg starta for 5-6 timar sidan... Eg kom meg likevel opp og fekk fiska fram eit par skiver, litt saft og rosin/nøtteblanding... Det gjorde underverk! Det var 7 timar sidan frukost... Eg torde ikkje å ta ut Leknesvatna. Snøen som låg på vatnet var litt for blå i lèten til at eg torde... Gå gjennom isen hadde vore tragisk! Eg tok difor den vanlege ruta rundt i delvis roten snø. Tungt! Det var likevel berre å bite tennene i hop. Og eg kom meg rundt og ned dalen til Markavatnet. Steike meg. Eg var sliten og mørbanka. Det verkte både her og der. Mest i hoftene av ein eller annan grunn. Eg hadde avtalt med Olaug at ho henta meg, og saman køyrde vi i Rørvika og henta bilen. 8 timar etter at eg starta var eg der igjen. Det hadde vore ein tøff tur. Men du verden for ei oppleving... Det tek tid å fordøye slikt for ein lukkeleg mann...:-)
Fra Blegja_Eitrenipa

Ingen kommentarer: