søndag 22. mars 2009

Frisk morgontrim

Utsikt mot Dale og Dalsfjorden frå toppen av skaret på sørvest sida av Blægja i mai i fjor. Ein rask og god morgontur opp igjen på Hjartåsen i dag tidleg. Ingen hadde vore der sidan eg var der i går ettermiddag. Det var friskt... Skodde og regn som gjekk over til sludd og snø i stigninga mot toppen. Med lite klede og utan byteklede, vart besøket av kort lengde. Eg sprang heilt ned igjen, og kom meg i dusjen heime så fort som eg kunne...:-) Og no har eg fyrt i omnen, og fruen har laga raspeballar...:-) Eg gler meg til å gå i "koma" snart...:-)

1 kommentar:

AG sa...

Er du komen ut av koma no din heldiggris, raspeballa er jo heilt kongemat.