onsdag 25. februar 2009

Vis solidaritet med Vevring

Utsikt mot Vevring og Engebøfjellet frå under Rørviknipa Mykje har vore sagt og skrive om rutilutvinninga i Engebøfjellet i Vevring. No ligg ei bestilt og betalt konsekvensutgreiing frå utbyggjaren på bordet. Utan å gå i detalj på ei slik utgreiing... kan likevel alle sjå den fullstendige galskapen i dette prosjektet. Flytte folk, radère ut eit livskraftig bygdesamfunn, av dei største kulturbygdene i landet, ja, av internasjonal klasse, legge kilometervis av Førdefjorden dau og skyte ned eit fjell! Lage støv av eit fjell! Det er så ein skulle tru ein budde i eit u-land. Det må jo vere sjølvinnlysande at dette er ei total utbytting av ein fattig kommune. Hvis Fylkesmann og miljøstyresmakter godkjenner dette maniac prosjektet, må gud og ein kvar mann ha mista fullstendig gangsynet. Ei side av denne saka som har kome lite fram, er at fjordbygda Vevring med Engebøfjellet og Gryta er eit praktfullt skue frå sørsida av fjorden. Ei eventuell utbyggjing av Engebøfjellet vil estetisk sett ha ei totalt øydeleggjande kraft på denne idyllen. Eit "bombekrater" vil liggje i åsynet på oss frå denne sida av fjorden. Ja, minst like gale vil det arte seg som i "krigssona". Berre sjå på utbyggjinga på Hornnes i Førde, frå vegen oppover til Blomlia. Og dette er berre barnematen i forhold det som kan komme til å skje i Vevring... Sidan Askvoll kommune skal handsame utbyggjingssøknaden, håpar eg denne sida av saka vil kome fram i debatten òg... Ein skyt berre ikkje ned eit fjell og tvangsflytter innbyggjarane! Vis solidaritet med Vevring....
Fra Utsikt Vevring og Engebøfjellet
Eit lite knippe bilder frå Rørvika og Blegja i fjor. Foto underteikna

Ingen kommentarer: