mandag 23. februar 2009

Vårleg i Hollevika

MMS mot Granesundet frå Høgeheia i kveld kl 17.50 Det var nesten slik at eg venta å høyre sysvorta (svarttrasta) sine trillande, melankolske vårtonar i lia ute i Hollevika i stad. Eim av vår i lufta. Eit par bråtebål på vegen utover forsterka heilt klart denne kjensla. All snø var borte og ein mild havtrekk leike seg i trea. Bølgjene slo stille oppetter landet. Var ikkje mykje snø som låg igjen oppe ved toppen heller. Men vått var det i terrenget. Blir fort sveitt av å gå fort oppover i gjennomblautt terreng... Det er vel tidleg å late seg rive heilt med i yr vårdans. Berre litt då... Det kjendest iallefall slik ut ned igjen. For godt var det å ta avgarde så søla spratt...! MMS av Stongfjorden frå Høgeheia i kveld kl 17.50

Ingen kommentarer: