onsdag 25. februar 2009

Texas i vindkraftbransjen

Sidan det vart dårleg med tur i dag, har eg lagt ut to innlegg på Origo. Bloggen min er ein turblogg, men som eit unntak publiserer eg likevel desse to innlegga på bloggen òg i kveld. Utsikt frå Staveneset 21/4-08. Kanskje eit framtidig industriområde for vindkraft... Sweco Norge (tidl. Sweco Grøner) og Ask Rådgivning arbeider mykje med konsekvensutgreiingar for ei rekkje vindkraftverk langs kysten. Referanselista til sistnemnde omfattar m.a. Ytre Sula Vindpark og Okla Vindpark på Stad. Som vi veit skal konsekvensutgreiingar vere utarbeidde av uavhengige og objektive fagmiljø, der føremålet er å framskaffe relevant informasjon om eit område sine kvalitetar (naturmiljø, friluftsliv, etc) og moglege konsekvensar av dei planlagde vindkraftverka. Dette for at NVE som beslutningstakar skal vere i stand til å avgjere konsesjonsspørsmålet på eit fagleg godt grunnlag. På heimesida til Norsk Vindkraftforening i Norge, NORWEA kan vi lese: "Foreningens hovedmål er å tilrettelegge at de enorme vindkraftressursene i Norge blir tatt i bruk. Dette gjør vi gjennom å spre informasjon til befolkning og beslutningstagere, samt å arbeide for gode rammevilkår slik at de enorme vind resursene blir utnyttet til fulle i Norge." Og på same nettsider kan vi lese at medlemsbedrifter i NORWEA er m.a, ja, nettopp, Sweco Norge og Ask Rådgivning - side om side med Vestavind Kraft AS. Underteikna set store spørsmålsteikn ved slike koplingar. Og er dette problemfritt for desse konsulentfirmaene? Kva med objektivitet? Ja, ikkje berre det – eg finn slikt mistenkeleg! Kanskje ikkje så rart at desse selskapa snart er einerådande på konsekvensutgreiingar innan kraftbransjen? Eg tykkjer uttrykket ”bukken og havresekken” passar veldig godt på tilstandane i vindkraftbransjen...

Ingen kommentarer: