mandag 16. februar 2009

Sildrande bekkar

Hvis du er usikker på kvar bildet er teke frå, og kva fjell vi ser konturane av, kan du ta kontakt... Så slo mildvèret til igjen. Sønnakuling og lett yr i lufta på Høgeheia i stad. Det var forsvunne ein heil del snø sidan i går morgon. Elvane var begynt å klukke herlege vårlyder... Vel, det er nok litt tidleg å tenke tanken heilt ut endå... Ein liten merkedag var det likevel. Eg nådde opp og ned etter arbeid utan å tenne hovudlykta. Det heldt hardt, men det gjekk... Sjølv om det var både tungt og blautt mot toppen. Og ned igjen gjekk det så snøen og sørpa spruta, inkludert eit par bråstopp i snøfonner med snø til magen... Bra action:-)

1 kommentar:

Kjell Yndestad sa...

Trur kanskje bildet er tatt frå Nipebu, vi ser Eitrenipa og Blegja lengst til høgre ;-)