lørdag 28. februar 2009

Morgontur

MMS frå Høgeheia i dag tidleg kl 09. Helgevèret kjem inn frå vest Første snøbyga for dagen i Stongfjorden Det hjelpe lite å irritere seg over vèret. Alle svivyrdslege ord i vokabularet har liten effekt. Har Vår Herre bestemt det slik, ja, så blir det slik. Etter ein flott dag og natt til i dag, då det framleis var stjerneklårt, tjukna det til i grålysninga i dag tidleg. Eg hadde håpa at det skulle halde eit par, tre timar så eg fekk meg ein bra tur. Men den gong ei... Eg ombestemte meg ganske kjapt då eg såg ut i havet. Eg sette meg ned framfor pc-en i staden og skreiv litt, slik at det fekk lysne meir av dag. Eg tok ut på Høgeheia i 8-tida. Kom meg greitt opp og ned før vèret drog til for alvor. Rett nok var det ein sur søraust vind med litt snøfjoner i lufta oppover som svei godt i kjakane. Men det piffa berre stå-på-viljen. Så eg sprang like godt ned igjen heile vegen etter ein rask tur opp... Vel, det fekk berre vere nok for i dag. Litt surt! Men sesongen og året er langt..:-)

Ingen kommentarer: