lørdag 21. februar 2009

Morgontrim

Perfekte forhold på Eitrenipa ein kald 1.Nyttårsdag kl 10.27 Det var temmeleg ufyseleg på Høgeheia i dag tidleg med vind, regn og skodde. Det regna faktisk heilt til topps. Og endå ligg det noko snø mot toppen. Blaut og tung. Det gjekk raskt opp i dag tidleg. Og eg sprang heile vegen ned igjen. I blaute skitkaven. Det gjekk så lett, så lett.. Herleg... Eg vaska og impregnerte goretex buksa og jakka hin dagen. Vatnet berre perla av. Det er klart ein fordel å gjere dette jamnleg! Ser skjora pussar på reiret sitt i dag. I tillegg såg eg ein flokk på over hundre gråtrast på Staveneset. Er nok likevel overvintrings-fugl. Men det er heilt klart vårleg i vèret her ved kysten i dag...

Ingen kommentarer: