onsdag 18. februar 2009

Kur mot mas

MMS frå Høgeheia kl 17.45 i ettermiddag Blaut og tung snø mot Høgeheia i kveld. Og ein del ganske djupe fonner. Men mykje av snøen var smelta av havlufta. Spesielt lenger nede i bakkane og mot Hollevika. Er det siste rest av vinter som forsvinn her ved havet...? Snøklokkene er allereie avbilda i Firda ser eg. Elles mildt og grått med lett yr og noko skodde på toppen. Fin og grei trim... Og godt for eit hovud fullt av mas...

Ingen kommentarer: