torsdag 12. februar 2009

Flått i februar

Eitrenipa 080209



MMS frå Eitrenipa 080209 Legg ut innlegget eg hadde på Origo i går. Det går som fylgjer: Eg oppdaga ei umiskjenneleg kløe i lysken i går. (Altså etter turane på Eitrenipa lørdag og søndag) På badet. I underbuksa. Eit tidels sekund måtte eg sjekke av med dei små grå som er att kva årstid det var!? Jau, det var jo vitterleg februar og vinter… Og ikkje nok med det – mangfoldige minusgrader! Eg måtte rope på Olaug og Peter og få vitne til underet. Så fann eg fram pinsetten som var på rette staden i badskåpet og fekk vekk utysket. Slikt er vi vane med på kysten… 

Men kva i svarte er det som skjer? Darwin sin evolusjonsteori har jo slått ut i full blomst i bygda når det gjeld sau og sjøorm. Og no er visst tida inne for flåtten òg. Vinterflått… Eit nytt begrep. Berre å vende seg til omgrepet med ein gong. Vinterflått i dunklede og vindtett hue? Ull lang under? Nei, insektet, for flåtten er då eit insekt, har vel utvikla kjølevæske no. Ja, i følge nemnde Darwin meiner eg… 

Logisk sett må eg ha fått på meg flåtten anten lørdag eller søndag opp skogen frå Markavatnet til Leknesvatna. Men det virkar nesten uforklarleg. I snø og mange minusgrader begge dagane. Og eg påkledd som reine påskekyllingen i dun og fjær. Rett nok kunne han krope ned ei sveitt halsgròp, og med ein slik livskraftig krabat er vel ikkje det heilt usannsynleg. Men det er kanskje ikkje noko god forklaring det heller? Utan å skryte kan eg vel seie at fjellkleda mine er av den betre og varme sorten. Kan han ha funne seg eit hi her!? I kjellaren? Der eg har varme på for å sleppe og vaske opp alt utstyr, ull og anna “heile tida”…? Ein perfekt overvintringsplass… Men går flåtten i dvale? Nei, dette er umogeleg. For eg vaskar jo kleda òg då… På 40 grader med Milo. Milo er jo mildt for ullklede, men for flått…? Og kleda har vore vaska x-antal gonger sidan i sommar og i haust. Fjellkleda tek eg stort sett ansvar for sjølv. Må ikkje kome her og kome her. Ingenting overlete til slump… Nei, det virkar lite truleg at han kunne overlevd innomhus sidan i sommar òg. Fruen i huset er jo eit grepa kvinnfolk. Heldigvis heng det litt igjen av den gamle sorten endå. Som held hus og heim i stand. Medan det mannlege innslaget i familien kan jobbe og springe på fjellet. Definisjonen på eit grepa kvinnfolk innbefattar dessutan hyppige skifte på sengane, så eg nektar å tru at krabaten kunne overlevd der under seansane. 

“Herrens” (les:flåttens) vegar er uransakelege. Og eg veit i grunn ikkje om eg skal nytte meir tid til dette tankespinnet. Det er så mangt som går over min forstand. Eg får heller overlate til dei som har greie på slikt om å kome med ei god forklaring. Har du ein vitskapeleg teori på omgrepet “Vinterflått” så ser du kommentarfeltet under. Er det forresten nokon som er spesielt interesserte så kan dei få sjå flåttbittet. Men berre så det er sagt med ein gong – min legning heller til det female. Og noko utviding av slikt reportoar er eg ikkje innstilt på – det får no vere måte på…

Foto Eitrenipa 080209

3 kommentarer:

Forfatter sa...

hehe..
Et flåttbitt resulterte i "15 minutes of fame"..

Laila Anita sa...

Tror deg :-)

kyrre fjeldvik sa...

En flått er ikke et insekt, men derimot i familie med edderkopper og midd! Ellers er interessant artikkel!