torsdag 19. februar 2009

Fine minner

Eit sommarminne frå Driveknolten i fjor. Peter og pappa er nøgde med dagen.. Det var tjukk skodde, væte og blaut snø på Høgeheia i kveld. I tillegg regna det. Ganske ufyseleg med andre ord. Men eg tok meg opp for det. Når eg første er komen i gang og får løyst sveitten, går det av seg sjølv. Nesten same kva vèr det er. Det er berre å hoppe i det... Og så gjer det så godt undervegs, og ikkje minst etterpå... med dusj, mat, peis, pc.... og roen. Kjenne at du har fått brukt kroppen litt! Overskot... Godt samvit...

Ingen kommentarer: