mandag 12. januar 2009

På vidotta

Minus 15 grader og frisk austavind på Eitrenipa 4/1-09 Eg trudde rett og slett ikkje det var mogeleg å gå seg så vill som eg gjorde oppe på Høgeheia i kveld. Eg har jo vore der fleire titals gonger sidan fjelltrimposten vart lagt ut i oktober. Og dei fleste gongene i mørket med hovudlykt. Eg har i tillegg plassert ut refleks-stenger på øverste delen av ruta. På lyse dagen ser det faktisk litt komisk ut med all merkinga synest eg... Men eg må innrømme at eg ikkje lo mykje der oppe i kveld. Det var faktisk ramme alvor... Skodda låg så tett at eg kunne skore ho med kniv. Det tjukna til ved den eksponerte ranen mot sør, og på 1-2-3 var det heilt tett. Her oppe er det i tillegg dårleg sti, og eg bomma på stanga som står i slukta før den nest siste oppstigninga. Og såg ikkje stanga bak meg igjen heller. Eg tok antakeleg for langt og for tidleg til høgre, og rota meg bort i nokre hamrar og store steinar eg aldri hadde sett før. Over ei myr og eit par små elvar, og var fullstendig på bærtur... Eg såg ingen ting eg kjende! Største problemet var jo at skodda reflekterte alt lys frå hovudlykta. Ei lykt eg tykte var begynt å lyse dårlegare... Eg måtte snakke eit par alvorsord med meg sjølv... Og sidan det var så pass mildt og opplett, og eg var godt kledd, tenkte eg at i verste fall skulle eg tole ei natt under open himmel. Problemet var vel at dei fekk fnatt heime... Eg trur eg rota på minst eit kvarter der i mørket og skoddeheimen, før eg såg att refleksen på ei av stengene. Eg pusta letta ut. Men kva stang det var, hadde eg ikkje peiling på då eg kom fram. Det var iallefall ikkje stanga i slukta. Eg bestemte meg for å gå så langt vekk frå denne som eg kunne for å sjå etter neste, men utan at eg miste den første av syne. Slik fekk eg auge på refleksen på ei til. I ein heilt annan retning enn eg trudde. Og eg visst framleis ikkje kvar eg var, anna enn at eg var på veg ned igjen. Trudde eg. Eg gjorde det same med denne stanga som den førre eg fann, og såg etter eit bèl ein refleks til. Då fekk eg hakeslepp... DET var stanga i slukta!! Eg hadde gått ein heil ring rundt denne og begynt opp igjen på der eg var komen frå! Eg hadde vore totalt på vidotta.... Og klarte ikkje å la vere og le (av lettelse?)... (At eg ikkje kjende meg igjen må skuldast at hjernen var på veg ned, medan kroppen var på veg opp...:-)) No var det ikkje så langt igjen til toppen. Stengene står litt tettare siste biten, så eg gjekk vidare opp. Eg var veldig offensiv og klar i hovudet ned igjen. Ikkje eitt feilsteg, og fann greitt stanga nede i søkket. Problemet var den neste som står noko høgare i vest. (Her må eg ha opp ei stang til!) Men no var eg så sikker på retningen at eg gjekk rett på. Det funka. Og vidare vest og nedover, gjekk det rimeleg greitt til skodda forsvann nedom ranen. Puh! Dette var leik og spel i kveld altså. Antydning til fuglar i magen og litt lette etterpå. Vill åleine på fjellet i mørke og skodde, er vel ein tilstand ingen ynskjer... Fjellvand eller ei... Det er berre så viktig å ikkje få panikk!

Ingen kommentarer: