søndag 4. januar 2009

Iskald glede

Tidleg januarsol på Fossedalshengenipa og Blegja i dag.

Sidan det var meldt betre vèr i dag enn i går, valde eg å "spare" Eitrenipa til i dag. Eg gjekk rett etter av det var lyst nok til å gå frå Markavatnet, før 8.30. Det var kaldt og skyfritt.

Eg følgde eit spor frå i går til ein kar som hadde gått same ruta som eg hadde tenkt meg. Bort til vatnet og opp ved elva nord om brua. Sporet følgde ganske så nøyaktig ruta der eg tidlegare har gått. Det gjekk vidare opp over hamrane. Eg var sikker på at det var ein kvan som hadde vore på Eitrenipa i går. Eg vart difor forbausa då spora brått snudde akkurat under fossen frå Leknesvatnet, der ein går wiren opp skåra i fjellet. Eit par spørsmål vart liksom hangande i lufta etter dette... Vel, det er ikkje alltid ein får svar på hvem, hva, hvor...

Det vart ganske tungt å vasse i den nye snøen. Ca 15 cm var komme ned. Det låg jamnt inn over vatnet til opp over anklane. Fleire plassar vidare oppover var det fòke i hop til ei høgde som rakk midt opp på leggen. I bratte bakkar er dette sjølvsagt tungt... I det smale og bratte partiet i botnen på vestskaret under toppen, var det igjen farlege forhold. Snøen låg i bratt vinkel rett ut for fjellet. Og under var det skare og is... Eg glei eit par gonger, og måtte bruke nevane... ikkje akkurat der det er mest kritisk... Men opp kom eg meg. Og blei møtt av ei nydeleg ny januarsol... Minus 15 grader og ein isande kald austavind...

Eg gjekk til klebyte med stor iver, og fekk av meg alt på overkroppen. (Av ein eller annan merkeleg grunn har det slått meg fleire gonger at akkurat når eg står slik, naken ovantil, så lurer eg på om eg hadde overlevd slik heim igjen. Kanskje ein psykolog kan gje meg svaret på kvifor denne abnorme tanken slær meg...? Det er jo absurd... for det hadde eg ikkje, garantert!) På med to nye ull Devold-trøyer, dunjakke, vottar, baclava og ny vindtett hue. Då eg så skulle pakke ned dei sveitte kleda, var dei sprø som flatbrød. Eit bal med å få dei ned i sekken... var redd dei skulle knekke...!

Ja, det var tøft der oppe i dag! Å operere lommekameraet med bare fingrar var ei liding. Eg var likevel bort på sørvarden og tok ein videosnutt og nokre bilder der òg. Sidan det var kome så pass mykje snø, var eg ikkje i tvil om å gå ned att same vegen. Å gå rundt fjellet austover, ned Eitreskaret, og vidare nord Krokavatnet, vart for tungt. Det hadde allereie kosta mykje å komme seg opp...

Eg tok meg ein liten rast ovanfor lagunane på vestsida av Leknesvatnet på returen, før siste biten ned til bilen. Her var sola komen fram. Og med mindre vind var det nydeleg i solbakken, trass i kulden. Flott utsikt i alle himmelretningar. I aust ligg Blegja, Eitrenipa og Leknesvatnet, i sør Fossedalshengenipa og i vest Skjerlia, Flokeneset, havet og øyane mot Florø. Ei fantastisk panorama-utsikt...
Fra Eitrenipa 040109
Fra Eitrenipa 040109_video

Ingen kommentarer: