lørdag 10. januar 2009

Heftig sønnavind

Enkelte bølgjer slo langt inn over land på Staveneset i dag. Eg slo i går frå meg å gå på Eitrenipa i dag. Garantert blaut og tung snø, overflatevatn på Leknesvatnet og truleg is oppe i skara. Agnar hadde i tillegg advara meg. Eg tok ikkje sjansen åleine. Etter ei natt der huset vart rista av vinden gong etter gong, var duren av vinden oppe i Yndestafjellet som eit evigvarande torevèr i dag òg. Sønnavinden dundra inn i høgste delen av fjellet. Eg tok difor likegodt ut att på Staveneset og Hollevika, og gjekk på Høgeheia i dag òg. Det fekk halde med halvannan time eksponert i vinden og ikkje 4-5. At det vart friskt er vel ei underdriving. For eg vart fillerista. Og fleire gonger måtte eg ned på alle fire for ikkje å bli blåst overende. Langs bergnakkane var det skummelt nok.... Hjelm var eg ikkje utstyrt med... Rart vèr egentleg. Januarsola stod opp flott i sør. Skyene dreiv i vanvittig fart over himmelen. Og vinden var av storm styrke, garantert. Likevel fekk eg teke nokre bilder der oppe. Nede på Staveneset slo havet flott innover land. Trass i rein sønnavind. Flott skue langs strendene. Det er fart og kraft i sjøen i slikt vèr. Mektige krefter. Rart ikkje fleire folk ser verdien av å oppleve naturen slik. Eg traff berre ekteparet Lien på turen. Dei er faste gjestar på Staveneset.
Fra Høgeheia 100109

Ingen kommentarer: