torsdag 1. januar 2009

Godt Nytt Fjellår


Ein nydeleg og frisk start på det nye fjellåret i dag tidleg... 


 Eg vakna for andre gong klokka 7.30 i dag. Langt på dag.:-) Det var stjerneklårt ute, rim og mange minusgrader. Eg var såleis på plass ved Markavatnet litt før 9. For sein til soloppgangen med andre ord. Men det hadde eg heller ikkje berekna. Den var likevel festa på film for nokre dagar sidan. 

 Det var kome nokre få centimeter med nysnø frå omlag 400 meter. Men dei gamle spora var synbare første delen av klatringa mot toppen. Klårt og fint. Likevel var det ein ganske sur austavind oppe i fjellet. Ovantil gjekk eg berre i ei skalljakke og ei trøye. Så lite som mogeleg. Og måtte halde oppe dampen for ikkje å fryse. Eg sveittar alltid ganske mykje, men å bli for varm er ikkje godt. Det er ein kunst å sleppe ut varme eller å kle den inne alt etter forholda. Dette er slikt som må justerast jamnleg medan ein går opp eller ned. Og om vinteren er det viktig med nok tørre klede å kunne byte til. 

Oppe i det smalaste og bratte vestskaret var det endå brattare enn sist. Snøen hadde no lagt seg endå fleire grader. Isete under med nokre centimeter nysnø opp igjen på. Skummelt nok. Men ein kan ikkje tenkje på at ein skal gli heller, då får ein iallefall ikkje tenkt noko særleg meir...:-) 

Uendeleg vakkert på toppen med sola som nettopp var stått opp. Lange, flate skuggar og gullfarga fjell. Vilt! Snøfonner og naturens kunstverk i fleng. Men det var steinkaldt! Frisk bris frå aust med 10-12 minusgrader kjølte ned kroppen på nokre få minutt. Full utskifting av alle klede ovantil. To nye ulltrøyer. Fram og på med dunjakka, vottar, baclava og ny hue. Kjempegreie! Som eit nytt menneske. 

Eg gjekk bort på sørvarden og tok ein videosnutt med valne fingrar. Kikka bort til Dale i skuggelandet. Såg kaldt ut der i tussmørket. Og tok ein del bilder sjølvsagt. Eg vart sikkert ein halv time der oppe i dag. Herleg når ein er godt kledd! 

Eg hadde bestemt meg for å følgje same ruta som hin dagen. Ned Eitreskaret til tjørna, og vidare til Krokavatnet. Og så gå vatnet nordatt. Det fungerte perfekt. Artig var det å gå heile Krokavatnet til endes på isen. Det er jo eit stykke. Spesielt var det å sjå Kringlene, Eitrenipa og Fossedalshengenipa frå denne vinkelen. Sola følgde meg deler av vatnet. Eg stakk òg bortom den store hellaren i nordenden av vatnet. Det går mange segn om denne plassen. Om folk som har budd her. Men dei brukte plassen iallefall til å lagre høy om sommaren. Dette frakta folket vidare over isen til Fossedalen om vinteren. 

Eg var elles oppom Krokvasstølen (Svortevikstølen) heilt i nordenden av vatnet (sjå bilder). Siste delen av turen ned til Markavatnet gjekk som vanleg langs den T-merka ruta til Nipebu. Nok ein nydeleg jule/nyttårstur. Som før nemnt, det er fantastisk kor heldige vi har vore med vèret denne jula. Og for nokre nydelege forhold det er i fjellet no... I morgon er det arbeidsdag, men helg igjen...:-)) Det ser ut som dei glimrande tilhøva held fram... Eg har steikje lyst å prøve meg på ein nyttårstur på Blegja...
Fra Eitrenipa 010109
Eitrenipa_Krokavatnet 010109_video

Ingen kommentarer: