søndag 25. januar 2009

Forførande solbada idyll

Flotte vinterforhold på Eitrenipa i dag,.... men kaldt! Endeleg klaffa det igjen! Med vèr, vind og fridag... Eg var på nippet til å ta avgarde på Eitrenipa i går, men ombestemte meg då eg såg på nettet at meldingane var betre for i dag. Lucky me! I går hadde det vorte tøft... Medan det vart ein glitrande i dag. Eg tok avgarde heime i frå ei lita stund før kl 8, og fekk med meg vèrmeldingane i bilen på veg opp til Markavatnet. Delvis skya først på dagen og seinare pent. Det stemde på ein prikk! Eg var litt i stuss om eg skulle ta det gamle kompaktkameraet eller det nye. Men eg fann ut at eg kunne no berre knipse i veg på auto på det nye, så det vart til det. Eg må nok ha nokre timar med opplæring, prøving og feiling før eg kan bruke det litt betre. Vi får ta det etterkvart... Første delen oppover gjekk lett. Eg måtte nesten halde igjen litt. Men lenger oppe ved hamrane under fossen, vart snøen stadig djupare. Det skal ikkje så store snømengdene til oppoverbakke før det blir slitsomt! Ein mår hadde nytta stien "min" heile vegen opp til under fossen. Sporet såg så ferskt ut at eg venta nesten å sjå karen framfor meg. I tussmørket. Så eg gjekk stilt. For det var ikkje skikkeleg lyst opp langs elva frå Leknesvatnet. Men sveittelukta hang sikkert som ein eim opp dalen, sjølv om eg hadde trekken imot:-) Over hamrane på kanten av fossen, fekk eg søraustvinden midt i fleisen. Og inn heile vatnet sang vinden i øyra. Heldigvis var det blese av ein del snø på vatnet, slik at det ikkje vart så tungt å traske inn her. Eg måtte halde farten oppe for ikkje å fryse. Eg var ikkje tenkt å dra fram dunjakke og tørre ullklede her nede. Men opp "grasbakken" vart det tyngre. Dei som har gått her veit at det er tungt opp til vanleg. I dag, når snøen rakk midt opp på leggen, måtte eg bite tennene ihop. Drøymde meg vekk til utsikta av raud morgonsol på kvite fjelltoppar i vest. Og ute i havet var himmel og hav etterkvart blitt knallblå. Utruleg vakkert i kontrast til alt det kvite rundt meg. Oppe i Nordskaret var snøen mange plassar blesen heilt vekk, slik at den knallharde skaren og is spegla underlaget. Fjellets blankslipte våpen skal du ikkje leike deg med... Fram med broddane. Då gjekk det betre oppover. Eg var nesten glad det var slik, istaden for djup snø som lenger nede. For her oppe er det bratt... I enden av dette skaret og opp og over i Vestskaret, er den skumle plassen som hallar rett utfor fjellet. Det er alltid eit lite spaningsmoment korleis det ser ut her. Snøen hadde lagt seg slik at det halla ganske bratt utfor, men heldigvis låg det noko snø på toppen av skaren og isen akkurat her. Så det gjekk fint å forsère over og vidare opp. Lenger oppe var det meir is, men her er det fleire val for å komme seg opp. Og du siglar ikkje utfor fjellet om du sklir. Eg skreiv meg inn i boka kl 10.20. Fekk av meg alle sveitte klede. Det var ein rivande kald austavind. Kombinert med nokre minusgrader, skal du ikkje stå lenge i bar overkropp. Og spesielt nevane blir som isjuklar på nokre augneblinkar. Eg tok meg ei runde bort på sørvarden og knipsa litt òg. Det var nydelege forhold. Blåfrose, men ganske snøfritt. Det hadde nok blese full storm tidlegare i veka ja! Hylande ugjestmildt! Men no var det fantastisk å sjå ut over snødekte fjell i alle retningar. Forførande vakkert i januarsol, herleg, herleg, men farleg, farleg... Godt å fått på seg tørre og varme klede... Eg hadde ikkje heilt bestemt meg for kva veg eg skulle ta ned igjen. Eg vog litt på sør om og nord til Markavatnet igjen den vegen. Men det vart til at eg tok ned att same vegen. Eg var redd det låg mykje snø i Eitreskaret og ned mot Krokavatnet. Og det hadde teke på å komme så langt... Turen ned igjen er i grunn ikkje så mykje å seie om anna enn at det vart aldeles nydeleg vèr. Strålande sol frå blå himmel. Reine påskestemninga nede på vatnet og mot fossen igjen. Og ja så låg eg langflat nedom skåra med wiren ved fossen. Ikkje berre ein gong, men to! På stumpen først så det sang og på magen deretter med fjeset i snøfonna. Ingen skade skjedd. Kjempeflott tur!
Fra Eitrenipa 250109

Ingen kommentarer: