onsdag 7. januar 2009

Ein smak av honning

Nordre og Søndre Kringla og Krokavasstølen 1/1-09. Krokavasstølen ligg fint til i nordenden av Krokavatnet. Som i Fossedalen budde det folk her i gamle dagar. Det er fortalt at ein vinter vart folk i Fossedalen ottesame for menneska på Krokavasstølen, avdi dei ikkje hadde høyrt frå dei. Det var visst enorme snømengder denne vinteren. Og då Fossedalsfolket kom fram for å sjå etter om det stod til liv på Krokavasstølen, var husa nedsnøa. Til all lukke såg dei likevel at det rauk frå skorsteinen som stakk opp av snømassane... I gamle dagar var fjellovergangen frå Dalsfjorden via Fossedalen og Krokavatnet til Førdefjorden, brukt som ferdselsåre. Dette er kortaste vegen nord/sør og den ruta som ligg lågast i lende over fjellet. Det var mange frå Dale-sida som reiste denne vegen til Florø og på sildefiske på Stadhavet. Området elles er rikt på kulturminne og flott natur. Fossedalens Vener er ein aktiv interesseorganisajon med mange medlemmer. Føremålet er å ta vare på dette området for ettertida. Eg måtte le litt av meg sjølv då eg køyrde ut i Staveneset i stad. For på føtene hadde eg allereie teke på meg broddane... heime! Skulle så visst ikkje ha nokon reprise av den famøse turen på mandag (armen er framleis fiolett). Føret var nokolunde det same som då, men eg sat på som ein klegg oppover bakkane. Over isete steinar og sva, frosne myrar og fastfrosne steinar. For ei glede i forhold til hin dagen. Var berre å gje på for full musikk opp gjennom bakkane og til topps på Høgeheia. Herleg! Som om ikkje det var nok, var det så lyst i kveld. Nysnøen og ein halvveges dekka måne av skyer, gjorde det flott å gå. Ja, eg kunne slå av hovudlykta eit stykke ned igjen. Det var ein perfekt trimtur... No er det visst berre å ta vel i mot neste lågtrykk. Dei melder regn og vind i dagesvis... Ja, ja då er det fram med goretexen igjen då...:-)

Ingen kommentarer: