torsdag 4. desember 2008

Staute monument

S&N Kringla og Fossedalshengenipa teke frå Markahengenipa i Skjerlia. D.S., Markahengenipa og Portafjellet teke frå Indrevågefjellet i Stongfjorden. Breen har forma fjella på nordsida av Dalsfjorden med slake ryggar mot nord og stup mot sør. Dagens trim- og fjelltur er unnagjort. Reprise på reprisen. Godt med litt faste rutinar i kvardagen:-) Ikkje så mykje å rope heim om. Turen var akkurat som i går. Men no er månen faktisk så sterk at den kastar skuggar oppe på fjellet. (Kjekt med litt selskap ...:-)) Då eg stod på toppen i kveld, stod den heilt i sør austom Lutelandet. Den spegla fjordane sølvrosa frå sør om Askvoll, gjennom Granesundet og over Stongfjorden. Sauesundet og Eimind låg nærast opplyst. Og endå er den ikkje halvfull! Det var eit mektig skue... Ja, det har vore nokre fantastiske dagar. Og nydelege kveldar... Sjølvsagt synd at ein ikkje har fått nytta dagslyset og sola. Men, men, so ist das Leben... Heldigvis ser finvèret ut til å halde lørdag òg....

Ingen kommentarer: