tirsdag 2. desember 2008

Lär dej älska mörkret

Langevatnet og Markahengenipa Fossedalshengenipa, Eitrenipa og Blegja Bilda er tekne kl 04.48 og 04.56, 2/8-08. Det var eit spektakulært lys på himmelen i nord og aust frå altanen på Nipebu denne morgonen. Torevèret rumla kraftig i aust, men nådde aldri ut til hytta som eg hadde åleine... Fantastisk! Hvis det er nokon som lurer på grunnen til at eg no er begynt å legge ut gamle bilder, er det sjølvsagt fordi det er mørkt når eg kjem heim frå arbeid. Nye bilder er difor avgrensa til helgane. Men frå eit rikhaldig arkiv, er det jo nokre bilder som kan vere verdt å ta fram igjen. Ja, gjett... Eg var på fjellet i kveld òg! Ein fantastisk stjernehimmel følgde meg med hovudlykta frå Hollevika. Det var blikkstilt. Himmelen var krydra av ein veksande sigd av ein gulrosa måne i sør. Den spegla seg som glitrande smaragdar i fjorden mot Follevåg. Stavfjorden låg blikk. Lysa frå Florø og alle øyane såg ut som dei låg rett borte om neste hammar... Og Bulandet låg bada i havet rett der ute om landet. Utruleg vakkert. Fredeleg... Ja, kunne det vere krig på jord...? No las eg hin dagen i National Geographic (norsk utgåve) at ein er begynt å forske på ei ny forureining på jord. Lysforureining. Pga. at jordkloden blir stadig meir og meir opplyst, endrar livet på jorda seg. Vi har ikkje natt lenger! Dette gjer seg veldig mange rare utslag. Eg skal ikkje dra dette for langt no. Dei som er interessert kan jo google emnet sjølv. Men som dei fleste veit, er eg ganske oppteken av fugl. Og det er ei kjennsgjerning at det diverre blir "grilla" tusenvis av fugl i flammane på oljeboringsplattformer. Eller at dei stuper i havet av rein utmatting etter å ha sirkla rundt flammane i mørket i timesvis. Diverre går det òg veldig mykje fugl tapt på trekk, ved at dei kolliderer med opplyste høghus nattestid. Det er som med insekt rundt eit utelys om natta. Dei svermar til lyskjelda. Ein kuriositet som eg sjølv har registrert fleire gonger i Førde i det siste, er overvintrande raudstruper som syng sine nydelege vårstrofer svarte morgonar ved gatelysa. Vi kan vel trygt seie at den biologiske klokka som er styrt av lyset, natt og dag, er litt feil innstilt då. For raudstrupen skal ikkje synge om vinteren... Forskarane er nyleg starta sine studiar kring kva som skjer når mørket forsvinn. Det er eit interessant tema... Vel, no har jo eg lyst opp mørket på min måte. Fjellvandring i svarte natta med hovudlykt. Men nattehimmelen og alle stjernene får eg likevel med meg. Det er faktisk veldig mange menneske på jord som ikkje kan sjå nattehimmelen lenger. Rett og slett fordi det aldri er mørkt nok. Heile himmelen er opplyst av lyset frå byane... Lær deg elska mørket syng Ulf Lundell fabelaktig på siste plata "Omaha". Eg er heilt einig, sjølv om han neppe har tenkt på lysforureining med teksten sin... Gullsparvar och bokfinkar har börjat igjen sjunger i bokskog og snår Hasselns hängen dallrar i en vind som ljuger vår Bäckarna porlar Sexti snart, min vän Lär dig älska mörkret för ni ska umgås mycket sen

Ingen kommentarer: