fredag 5. desember 2008

Kunst i austavind

Sterk austavind har laga sine eigne kunstverk øvst i Stordalen. Blægja i aust. I ettermiddag var eg av stad og henta Hanna, eldste barnebarnet mitt på 5 av 5, snart 6... (Eg lurer av og til på om eg gav dei tre jentene mine for mykje Møller`s tran!) Ho blir her i helga. Kjekt at Hanna likar seg så godt i Stongfjorden ilag med Peter... så kan foreldra ta seg ein lang helgatur. I kveld slit eg såleis sofaen. Det har jo vorte mange kveldsturar på rad i det siste. Godt med ei opplading til morgondagen òg. Agnar blir nemleg med på Eitrenpa i morgon tidleg. Meldingane ser bra ut. Men det kan bli kaldt. Minus 12 og austavind, ser eg på Storm... Kanskje tid for å teste den nye dunjakka frå Mountain Hardwear og vottane frå Outdoor Research? Gode kle er viktig. Spesielt om vinteren...

1 kommentar:

AG sa...

No tenkte eg du var tapt for alltid og.
Då eg har kobla meg på sida di so har eg vorte stoppa på den 30Novmber so eg har no tenkt mitt:) sidan eg ikkje fann nye innlegg.
Men i dag tenkte eg at ein liten refresh kanskje kunne gjere susen og då dukka det plutseleg opp fleire nye turar.
Kanskje er det fleire som lever i uvissa on det er liv i deg,:)og ikkje berre i mobilsvar.