mandag 1. desember 2008

Pigglaus go`stav

Frå turen Markavatnet/Nipebu/Driveknolten 30/12-07 Var ein heilt vanleg trimtur med hovudlykt igjen i kveld. Der du veit. Stjerneklårt og stilt. Nokre få snøflekkar mot toppen. Men steinane og berga var veldig glatte. Eit tynt lag med dogg var begynt å fryse på. Resultatet av det vart at eg gjekk ganske kraftig på rumpa, så det small heilt i nakkevirvlane! (Det var dei nye skoa eg ventar på då...) Sikkert litt i grenseland å springe ned igjen. Og eine spissen på staven forsvann i skitkaven òg. Utagerande trim i svarte natta...:-) Men det er berre lækkert å kunne gje på litt ekstra av og til.

Ingen kommentarer: