fredag 7. november 2008

Ein annan blåst

Vi ser f.v. N&S. Kringla, Fossedalshengenipa, Markahengenipa og Portafjellmassivet. Portaskaret ligg t.h. Dette er ein flott inngang til mellom anna Stordalen, Stordalsfjellet og Nipebu. Legg merke til dei spesielle ryggane som vender mot nord og dei bratte sørsidene som breen har danna. Første høgda t.v. er mot Kvamsnipa. Nordalen, som vi ikkje ser, ligg aust/vest nedom Indrevågefjellet der bildet er teke frå 4/12-2005. Det var eit yrande liv då vi feira 1.års dagen til Nikolai, eine barnebarnet mitt, i Førde. Alle 5 barnebarna mine var samla ilag med foreldre og besteforeldra. Stor stas og høgt lydnivå. Etter nokre timar ilag direkte frå jobb ein fredag, kjennest det temmeleg blåst ut ein viss plass. Blir nok tidleg kveld i kveld. Den store kreativiteten og motivasjonen til å blogge må eg innrømme er ganske liten. Eg får kome sterkare igjen seinare i helga...

Ingen kommentarer: