lørdag 1. november 2008

Utfordrande vintertur

Frå Eitrenipa i dag Etter å ha følgt vèrmeldingane på storm og yr siste dagane, og sett kor ulike dei såg ut, var det med ei viss spenning eg keik ut glaset første gongen i dag tidleg klokka 05.05. Som eg hadde håpa på blinka det ein flott stjernehimmel ned til meg. Det var det eg visste, at godvèret frå i går ville halde ei god stund ut over dagen i dag. Men det var for tidleg å stå opp. Eg vakna igjen klokka 07. Det var begynt å dra over med litt skyer i vest, men i aust var det framleis klårt. Eg var difor aldri i tvil om å gå. Etter ein god frukost var eg på plass ved Markavatnet litt over klokka 08. Agnar sin bil stod der. Han og Margaret var på Nipebu. Han hadde invitert til laurdagsgraut. Men eg hadde lovd Olaug tur i dag, så eg måtte melde pass denne gongen. Det var isete i stien bort til vatnet. Veldig isete.. Og glatt! Så eg gjekk meir i lyngen utanom stien enn i den. Energiselskapet hadde starta å tappe vatnet igjen, så det var godt nedom demningen. Ingen problem her (jmfr. bomturen forrige søndag). Eg gjekk vidare opp og nytta nordsida av elva frå Leknesvatna som sist. Fint å ta seg opp her. Opp over alle hamrane og svaberga før Leknesvatna, var det litt heftig. Som venta var det is og snø opp over berga. Men det gjekk likevel ganske greitt utan broddar når eg fann dei rette bare knattane... Over siste kanten ved lagunane trona Eitrenipa majestetisk i sitt kvite slør i søraust. Vakker, enorm, utfordrande, ja, nesten uinntakeleg i si prakt såg ho ut.... Fjellet ser så nært ut her i frå. Men det er likevel eit ganske langt stykke å gå austover, i kupert terreng, bort nordsida av første Leknesvatnet (det er to som heng saman med ei lita elv mellom). Lite is, men litt snø gjorde det fint å gå dette stykket i dag. Eg tok ei litt anna ruta enn før opp sjølve stigninga frå vatna mot fjellet i dag. Til høgre over brua i staden for til venstre som før. Opp den bratte høgda, og kom opp meir på linje sørover ved ura under hammaren, før den lange bakken vidare opp austover. Dette finn eg fornuftig. Sparer tid og krefter denne delen ved å ta meir av høgda sørover med ein gong. Då eg starta på den lange bakken opp til sjølve fjellet og skaret, kom den første snøbyga. Med kulingkast og heilt finkorna snø vart alt fort kvitt. Vinden og minusgradene gjorde det svinkaldt. Men eg bestemte meg for å gå på litt ekstra for å halde varmen. Eg ville ikkje skifte og ta på meg meir klede før eg kom meg opp. Ved inngangen til det bratte skaret opp mot toppen var hamrane isete. Vinden og snøen piska ansiktet mitt. Det var veldig kaldt - men opp skulle eg. Eg angra litt på at eg tok Arcteryx kleda i goretex i staden for litt varmare klede. Men eg hadde sjølvsagt ikkje gått så langt for snu heim att med halen mellom beina utan å nå toppen. Psyke.. Gustav, sa eg til meg sjølv eit par gonger...:-) (det er viktig med ein god dialog med seg sjølv...:-)) Eg traff akkurat inngangen opp der eg ville. Litt tjukk fokksnø oppå isen var bra. Vidare opp skaret er det ganske bratt. Her var det berre å få på seg isbroddane. Det tynne snølaget gjorde det litt skummelt. Men snøen var òg bra der den låg i eit litt tjukkare lag i småskårane i dei bratte svaberga. Naturleg å bruke desse som "korridor" oppover... Rett under toppen, der det er beint utfor vestover, slo det til med ei ny kulingbyge og snø. Tøft! Kaldt! Men her oppe var det ikkje så mykje is men dessto meir snø. Siste biten opp vart difor ganske tøff! Tungt... og pusten gjekk som ein blåsebelg. Eg måtte stanse to gonger på dette vesle, men bratte stykket! Nokre av snøfonnene rakk meg til knea. Men opp kom eg! Og då gjekk byga over òg. Til og med sola stakk fram. Men fleire minusgrader og vind gjorde det beinkaldt. Etter å ha knipsa nokre bilder, var fingrane valne. Eg kom meg i lè av den gode steinen og vrengde av meg alt på overkroppen. Vanvittig kulde! Eg fekk på meg tørr ulltrøye, ullgensar og ny vindtett hue det fortaste eg vann. Reine oppturen! Psykisk stimuli til tusen... Eg slukte så ei banan og tok same vegen ned igjen... Ved vatna igjen blanda eg meg noko saft og tok meg fem minutt. Sola helste framleis litt på inn i mellom. Her er det så vakkert! I dag var elva delvis frosa. Blegja låg kald og frosen med eit lite skoddelag på toppender inne i aust. Mot vest var det blå himmel og blått hav... Austavinden fekk vatnet til å skvulpe. Av gamal erfaring veit eg at skadar og uhell nesten alltid skjer på veg heim. Du slappar meir av etter å ha nådd målet, og let tankane svirre til alt mellom himmel og jord. Men det er skummelt og slappe for mykje av med is og snø under føtene... Det fekk eg igjen erfare nede under den bratte hammaren ved fossen. Ikkje berre eitt, men to rundkast fekk eg meg. Og ein gong landa eg på albogen. Eg hadde teke av meg isbroddane for å spare desse, men eg angra nesten etterpå at eg ikkje tok dei på meg igjen denne delen. No vart det aldri noko alvorleg ut av desse falla, men ei god påminning på at det er andre forhold i fjellet no enn sommarsdagen... Ligge forslegen åleine vinterdagen i fjellet, er ikkje nokon spøk... Det var ein tøff og hard tur i dag. Ein utfordrande tur. Det er sjølvsagt det bratte og nordvestvende skaret opp som er største bøygen. Spesielt no vinterdagen med snø og is! Denne er nok komen for å bli no. Det er greitt for alle å vite kva ein gjer seg i kast med på Eitrenipa i vinter....
Fra Eitrenipa 011108

Ingen kommentarer: