torsdag 27. november 2008

Overnaturleg vesen

Utsikt frå Toreheia mot Stavenesodden og Høgeheia Brått stod han der. Ein kvit engel. Jomfrueleg. I lyset frå hovudlykta. Blant visna gras og lyng, gråsvart stein og stummande mørke. Den kvitaste av dei kvite. Så sårbar i alt det svarte. Med gule auger og dirrande, spisse øyrer, stirra han tilbake på denne einauga kyklop frå outer space. Ein nyfiken og forvirra harepus. Kva tenkte haren? Kva sa instinktet hans? I møtet med dette vesenet... 4-5 meter framfor meg stod han. Nesten i ro. Virrande litt fram og tilbake i lysstrålen min. Kvifor sprang han ikkje? Som han ville gjort i dagslys! Eller det vil seie - eg hadde jo aldri kome så nær han då.. Vart han blenda? (Han kunne jo berre sprunge andre vegen...) Var han nyfiken? Som ein røysekatt? Eller berre ungdommeleg i sitt vesen..? Men truleg var det vel berre dette usannsynleg, ukjende, med eit skarpt, lysande auge midt i skallen, og to ekstra tynne føter (stavar) som totalt forvirra haren? (Vel, no er visst dei to andre føtene snart same pipestilkane som vandre-stavane...). For eg måtte vel fortone meg som ein marsboar eller det som endå rarare var... For det var jammen rart. I fleire minuttar stod vi slik, haren og eg. Ståande og sjå på kvarandre. På ville fjellet i svarte natta... Han stakk berre ikkje av.... Han snusa i lufta, virra på hovudet, øyra dirra og auga gløda. Enden på visa vart at eg måtte gå, så eg ikkje vart for sein til fruen som skulle på øving i musikken. Det var berre ei utruleg oppleving. Det er så ein blir ståande etterpå og lure på om det var sant det som nettopp hende... (Bildet frå mobilen vart berre ei kvit lysstråle). Det var heilt på toppen av Høgeheia i kveld dette spesielle møtet fann stad. I god vestavind og opplett vèr. På ein rask og flott kveldstur direkte frå jobb. Det er så små detaljar som skal til for å gjere kvardagen til ei flott oppleving. I samanlikning med tusenvis av impulsar frå folk, pc, telefon og mobil, er det møtet med haren som sit att etter dagen. Det er ei lukke å kunne ha høve til å få heva seg over den kvardagslege kvardagen...

Ingen kommentarer: