lørdag 29. november 2008

Oss fjellbukkar

Bilder frå Eitrenipa i dag Det vart ein ganske krevjande tur på fjelltrimposten på Eitrenipa denne lørdagen òg. Og det er sjølvsagt noko ein må rekne med på denne tid av året. Av alle dei tredvetals toppane som er med i fjelltrimmen (blir rokkèrt kvart sjuande år), er kanskje Eitrenipa den som er mest krevjande. Iallefall vinterstid. Både på grunn av høgda og lengda på turen, men òg oppstigninga i det nordvende skaret. Eg starta vel 8.30 frå Markavatnet. Det var bra lyst. Sludd og væte hadde frose fast i stien. Det var ikkje heilt enkelt. (Ein kan jo ikkje gå med broddar heile vegen heller. Det blir for tungt). Så det var glatt! Det tek både tid og krefter når underlaget er slik. Og sjølve demninga var farleg. Det var såpeglatt over. Vatn på eine sida og fleire meter utfor i det tørrlagde elveleiet på hi. Vidare forbi og over elva, var det likeeins. Og eg hadde allereie løyst sveitten ovanfor grinda... Men turen vidare langs nordsida av elva gjekk lettare. Det låg litt meir snø her, og denne var ikkje så frosen vidare oppover i bjørkebeltet. Hamrane under fossen gjekk òg greitt. Det låg ca 7-8 cm snø på fjellet. Eg måtte likevel vere obs, for alle veit jo korleis is med nysnø på fungerer... Vidare austover nordsida av Leknesvatnet gjekk fint. Det var heldigvis litt mindre snø å vasse i enn forrige lørdag. Heller ikkje noko vind var det å snakke om. Himmelen var blygrå, fiolett ute i havet, men det heldt seg opplett heile tida. Tyngste forholda var litt lenger inne, der den gamle snøen ikkje hadde regna vekk i mildvèret. Enkelte parti der eg gjekk gjennom både den nye og gamle snøen, var rimeleg tunge å forsere. Spesielt oppoverbakke. Men heldigvis var det ikkje så mange av dei. Få centimeter med nysnø er ypparleg sporsnø. Og av og til kunne eg ynskt at eg kunne litt meir om dyrespor. Rev, hare, hjort, røysekatt, ekorn og rype er greie. Måren òg. Men mykje av det som er mindre, er ikkje så godt å seie kva er. Samlepotten får bli mus - inntil vidare...:-) Alle desse såg eg på vandringa mi i dag. Så her er jo levande vesen rundt oss i naturen, sjølv om det er vanskeleg å få auge på dei. Sjølve skaret opp gjekk veldig greitt i dag òg. På toppen var det sjølvsagt meir vind. Eg var likevel bort til andre varden og tok nokre bilder. Bilda var ikkje så interessante i dag. Himmel og landskap gjekk jo nesten i same livlause fargane. Blindeføre i tillegg. Så nokon lang seanse vart det ikkje der oppe. Eg skifta faktisk ikkje kle i dag heller, sjølv om eg driv og dreg på dei i sekken... Eg måtte ha litt moro med å sigle på skaren og isen som låg under nysnøen ned skaret. Det er i grunn kjekt å le litt med seg sjølv av og til.... Men brått vart all idyll avbroten av geværskot ute i vest, ved Krokavatnet ein stad. To skot... Slik er livet. Nokon lyt bøte med det òg... Eg hadde sett at det stoppa ein bil etter meg ved Markavatnet. Dette er nok forklaringa frå spora forrige lørdag òg. Spora fann eg att nede ved første brua i dag som sist... Vel, eg kom meg fort ned igjen til brua over Leknesvatna og tok meg nokre slurkar vatn frå elva. Turen var liksom ikkje den same lenger. Eg tenkte på varmt, raudt blod i jomfrueleg kvit nysnø, og ein fjellbukk mindre! Eg har i grunn meir sympati for dei (av ein eller annan grunn) enn hjortane som beitar heimebøane. Dei er no så mykje enklare å jakte på frå varme bilar òg... Men turen i seg sjølv var flott. Det er likevel tungt å gå i snø i 5 timar. Så det krevst litt kondisjon, og ikkje minst viljestyrke. Men eg trøystar meg med eit uttrykk som eg har lese: "Even when you think you are dead tired you can still become much more tired...."

Ingen kommentarer: