tirsdag 18. november 2008

Opphavet og enden

Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir … Då sa han som sit på kongsstolen: "Sjå, eg gjer alle ting nye!" .. "Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden". Nokre ord om avslutninga på bloggen i går. Enkelte meiner visst at grått er synonymt med kjedeleg... (Grå og skamklyppt... Hmmm). Er vel i utgangspunktet kanskje ikkje den mest spenstige fargen. Og det har ein vorte påverka til å meine òg. Det er nok det som gjer at kvinnfolk må fikse på seg heile tida. Trur det må gå vekk mykje tid og krefter på den leiken, ja pengar òg for den del. Temmeleg vekkasta greier. Det er no betre å sjå ut som ein er, tykkjer eg. Ja, bli fortruleg med seg sjølv, og korleis ein blir eldre. I andre kulturar er dei vise menn og kvinner alltid grå... og gamle... Men hjå oss skal jo alle vere så unge og sexy! (Nesten kvalmt kor gjennomsyra media er av det. Stakkars jenter som veks opp seier eg - dei skal jo ha sexy look før dei har fått kjønnshår). Det er iallefall godt eg sjølv slepp å bruke tid og krefter på det... Ja, godt å få nokre år under beltet. Unngå unødig tidssøl på forsøpling! For aldringsprosessen kan ingen stanse - uansett kva ein meiner om grått eller ei. Forresten, eg tenker tilbake på barnebarnet mitt, Hanna, då ho sa for litt sidan på besøk her: "Bestefaj, du e helt gjå i håjet"... Ho hadde fått det for seg at alle med grått hår skulle dø, og var redd det skulle skje med meg no! Eg vel likevel å tru at andre som er meir opp i åra ikkje trur det same som Hanna. Verken om seg sjølv eller andre. SÅ livsfarleg er det ikkje med grått... Ein stryk vel like fort med om det er farga fiolett for den del...:-) Ja, gjerne endå fortare med ein "fiolett livsstil"... Eg høyrde for litt sia at du måtte vere klar når han kom ridande forbi og banka på. Døden altså. Det er jo ein situasjon som ikkje er så lett å dra noko erfaring ut av. Ein får liksom ikkje prøve og feile - fleire gonger - sjølv om enkelte påstår at dei har vore halvdaue av og til. Ein ting er likevel sikkert - du får ikkje ta med deg noko når du sit på hesteryggen med den kusken. Same kva gods og gull du har greidd å raske til deg. Men eg har iallefall bestemt meg for ein ting - eg føretrekkje heller å vere iført Goretex og fjellsko, enn å vere naken på den reisa... Naken er eg temmeleg usexy, hvis det skulle bety noko der eg kom... Ja, ja nok om død og begravelse i denne omgang. Det er vel eit ganske bisart tema. Tabubelagt er det òg. Så no er del sikkert endå fleire som lurer på meg, eller sagt på ein annan måte - det ringjer ei klokke for. Om ikkje akkurat kirkeklokker... Sjølv om døden er det mest naturlege her i verda. Iallefall det sikraste! Nei, eg møtte ingen på Høgeheia i kveld heller. Verken mannen med ljåen eller andre spøkelse. Saken er jo den at mørket er ein ven. Det må jo lys til for at menneska skal gjere skade på eigen rase, dyr eller natur. For det er jo menneska som er farlege her i verda. Farlegaste rasen på jord! Treff eg på andre levande vesen på mine vandringar i mørket i fjellet som mys, fuglar, hare eller rev, er det dei som er skvetne og ikkje omvendt. Ser dei berre som pilande skuggar ut frå den tynne lysstråla frå hovudlykta. Litt meir spanande er det når eg møter ein og annan fjellnisse som ikkje kjenner meg...(dei fleste gjer jo det etterkvart, og ser på meg som ein likesinna). Dei veit du aldri kor du har henne. Det er fordi dei er ekstra redde griske menneske som drep og øydelegg naturen. Og då veit du aldri kva dei kan finne på! Brent barn skyr elden...

Ingen kommentarer: