søndag 2. november 2008

Mildvèr på kysten

Frå Høgeheia i føremiddag. Toreheia mot venstre. Skålefjellet oppe t.h. Mot Granesundet og ei ny byge Etter ei natt med høljregn, fekk eg meg ein fin tur på Høgeheia i føremiddag. Opplett, delvis skya og mange varmegrader. Flott! Til og med myggen sverma oppe i granfeltet i skaret... All snø og is var vekke heilt til topps. Og terrenget ganske blautt. Trur nesten det må ha regna på Eitrenipa òg... Så fort skiftar vèr og temperatur ved kysten. I dag var det to havørner som kretsa over meg. Mobba av litt ramn i den friske vinden. Dei er staselege. Elles skremde eg opp ei rugde nede ved granfeltet. Kva eg ser av orre og rype rundt omkring, fortel eg ikkje. Desse fuglane skulle vore verna etter mitt syn, slik at bestanden kunne få ta seg opp igjen. Det er skremmande lite orrfugl og rype i fjellet... Hovudgrunnen til dette er vel ramn og rev. Men det gjer berre vondt verre og skyte ned årets kull når det er så lite reproduksjon.... Eg traff på ein hjortejegar på returen nede i skaret. Helste og presenterte meg. Han åtte hytte i Staveneset. Vi vart ståande å preike ei heil stund. Kjekk kar, i 60-åra kan eg tenkje meg... Eg fortalde om kolla som sprang opp 10 meter føre meg forrige helg i søkket under toppen. Svært nær i det dårlege vèret! Elles måtte no eg innrømme at eg ikkje var nokon jeger - iallefall med våpen...:-) Solnedgang frå stoveglaset i ettermiddag kl 17.00

Ingen kommentarer: