mandag 17. november 2008

Grått er hot

Denne tette småfurua har mot alle odds bite seg fast på nordsida av Leknesvatna. Utsikt mot utløpet av Leknesvatnet, Markavatnet, Øyravatnet og vidare mot Florø. Stien går over på nedsida av grasbakken og over hammaren t.h. (Kløfta t.h. på første bildet) Og vidare ned skaret. Det er bratt utfor her... Begge bilda er tekne i går søndag. Du er bra motivert når du går opp i fjellet i svarte kvelden, regnet hamrar i skallen, dotten smell i øyra og vinden hyler og riv i skrotten så du har store problem med å fote deg. Tidvis ned på fire for ikkje å bli blåst over ende. Slik det var på Høgeheia igjen i kveld. Galskap vil sikkert mange seie. Vel, ok, så er det galskap då. Det gjer ikkje meg noko. Kjært barn har mange namn... Det er iallefall ein sunn galskap. Eg kallar det eit must, etter ein dag på rumpa på jobb. Jammen hadde ein vorte bra brei over stussen og smal over skuldrane skulle ein sette seg ned i sofaen òg, når ein kom sliten heim etter jobb... Nei, opp og ut er medisin - uansett vèr... Ein får jo ei viss erfaring etterkvart òg då. Trur neppe det er mogeleg at det kan bli verre enn eit par gonger på Skylefjellet i fjor vinter. Både med vind og sikt. Og svarte natta... Då måtte eg snakke alvorleg med meg sjølv. Du får ikkje tenkt og gjort mykje fornuftig når panikken brer seg. Det einaste saliggjerande er å sette seg rett ned og ta seg inn igjen. Eg sa til Vigdis ein gong at eg får vel hår på brystet av livet i fjellet. Dessverre har dei fjonene eg har fått no same fargen som på topplokket... Det er ikkje akkurat slik eg førestille meg hår på brystet. Det skal vere ei svart matte. Tenk deg om sommaren: knallbrun, nedkneppa kvit skjorte og gjerne litt gull dinglande. Då er du tøff! Og damene likar deg. På den annan side er det vel ikkje sikkert at det hjelper så mykje der oppe...i fjellet... Eg har høyrt at somme med hår på brystet besvimer når dei ser blod òg. Det er jo litt puslete... Nei, erfaring og evna til å tenke gjennom alternative situasjonar kjem av seg sjølv med åra. Eg trøystar meg med at grått er synonymt med erfaring. Og eg vart tidleg grå... iallefall der oppe...

Ingen kommentarer: