søndag 9. november 2008

Eventyrstund

Eventyrlege fargar ved Blegja og Eitrenipa i dag tidleg i 8-tida Sidan vinteren smelta bort på Eitrenipa, bestemte eg meg i går kveld for rett og slett å ta turen opp igjen i dag tidleg. Nytte høvet medan det var snøfritt i nordskaret. I tillegg melde meteorologane opplett tidleg på dag. Som bestilt for ein morgonfugl. Då kom eg meg opp og ned før regnet tok til. Og rakk cupfinalen òg... Knallopplegg...:-) Eg stod opp til vanleg tid klokka 6, og tok meg ein lang farsdags-frukost i fred og ro. Alle dei andre sov. Eg kom meg stilt ut av huset i 7. tida. Det var mørkt. Men visste det snart ville lysne. Eg skimta såvidt stien bort til Markavatnet før halv 8. Med nattsyn gjekk det snart heilt problemfritt. Og oppe ved grinda til Gunnaren, var det allereie bra lyst. Himmelen var klår i aust og det hjelpte bra på òg. Kjempegreie. Eg vart reint morgon-yr, og plystra fornøgd med meg sjølv oppover. Eg hadde kledd meg lettare enn i går. Stillongsen og gamasjane låg igjen heime. Og kun i Arcteryx jakke og bukse gjekk det lett. Lettare og kjappare enn i går. Eg stod på toppen ved fossen og vatna på no time! Herleg! Og for ein farge som åpenbara seg i aust ved Blegja og over Eitrenipa. Skyene prega fjella som ein gullforgylt glorie. Som om Eitrenipa ynskte meg velkommen denne tidlege søndagsmorgonen. Velkomen til kongsgarden. Det var ei fantastisk minnerik oppleving - så lenge det heldt på! Det bles godt oppe ved Leknesvatna. Ein god søraust kuling. Men det var reine fønvinden. Så sjølv om eg var lettkledd, var det ikkje kaldt. Dei bratte svaberga oppe i skaret var i dag tørre. Supert... Eg gjekk difor fort rett opp og til topps utan eit glipptak! Det var som venta meir vind på toppen. Eg kom meg delvis i livd bak ein stein. Skreiv meg inn i boka og tok nokre bilder, før eg gjekk ned igjen i skaret der vinden tok mykje mindre. Minuttane på toppen var nok til at nevane vart heilt valne, men dei kom seg fort då eg fekk opp igjen aktiviteten. Eg stoppa litt ved elva mellom vatna og fekk meg noko å drikke. Det bles skikkeleg frå aust ved det øverste vatnet. Eg heldt på å bli blesen overende, der eg balanserte på dei glatte steinane ute i elva for å ta eit par bilder. Bølgjene gjekk kvite på vatnet! Sjeldan å sjå i fjellet... Terrenget på nordsida av vatna er ganske eksponerte for vèr og vind. Vinden fekk eg stort sett i ryggen. Heilt nede ved utløpet av vatnet igjen tok eg meg ei lita runde bort ved fossen og nederste lagunen. Knipsa nokre bilder. Det er utruleg vakkert her. Men vinden fekk grassat tak... Eg kom meg difor ganske fort i livd nedom hammaren, der strengen heng ned den bratte skåra. Her var det nesten heilt stilt. Eg gjekk på litt herifrå og til Markavatnet. Vel vitande om at det no var Olaug sin tur. Eg svinga inn på tunet heime i 11 tida. Ikkje verst å vere ferdig med turen så tidleg... Men då var allereie fruen fordufta til fjells, og Peter reist på gutebesøk... Ja, ja, eg hadde allereie ordna meg sjølv med farsdagspresang...:-) I skrivande stund i ettermiddag kom møkkavèret. Vind, skodde og høljande regn... Kalkulert timing...:-)
Fra Eitrenipa 091108
Ein liten rast ved "dinosauren"...

Ingen kommentarer: