søndag 5. oktober 2008

Eitrenipa

Utsikt ved elva mellom Leknesvatna i dag Eitrenipa i praktfulle omgjevnader i dag. Skaret opp frå nord er lett synleg. Nydeleg utsikt austover Blåegga mot Blegja og Storehesten Det vart litt fram og tilbake i går kveld korleis eg skulle legge opp dagen i dag. Det var tid for utlegging av bøkene på Blegja og Eitrenipa som eg hadde teke på meg. Det var nemleg skikkeleg haustvèr. Mykje vind og nedbør. Eg såg difor ganske mørkt på situasjonen. Men håpet var sjølvsagt at det gav frå seg og vart betre i dag. Det var akkurat det som skjedde. Eg såg ut glaset kvart over 5. Stjernehimmelen funkla meg i auge. Fantastisk! For ein opptur... Eg la meg ned på ein times tid til. Det første eg gjorde var så og sjekke vèrutsiktene på nettet. Det var tydeleg at det var best på føremiddagen. Det skulle bli bygevèr ut over dagen. Eg var difor lite lysten på både Blegja, Blåegga og Eitrenipa på same turen. Då ville heile dagen gå. I tillegg låg snøen langt ned mot låglandet. Det ville gjere det både tungt og glatt. Nei, det måtte halde med Eitrenipa. Blegja gjekk an å ta seinare. Der låg det jo bok frå før og den kunne takast ned seinare. Vigdis hadde ytra ynskje om å bli med. Ho var lite kjend i området ved Eitrenipa. Eg hadde difor avtalt å treffe henne. Vi starta frå Markavatnet i halv 9 tida. Det var strålande klårt vèr. Snøen traff vi på ganske tidleg. Den var faktisk heilt tørr etterkvart. Vi rådslo litt ved brua over elva frå Leknesvatna. Elva var nemleg svært stor. Til vanleg går vi over brua og kryssar elva lenger oppe. Men storleiken på elva gjorde at vi bestemte oss for å gå same sida (nordsida) opp. Det var på langt nær sikkert at vi ville komme oss over der oppe som vi brukar. Vi fann faktisk ein veldig bra sti oppover. Nesten betre enn den andre. Sist eg hadde gått denne sida hadde eg kome ovanfrå. Eg såg lenger oppe kvar eg hadde gått feil då. Den gongen hamna eg nemleg fram på nokre hammarslag og villniss som gjorde vegen ned nesten uframkomeleg. Det gjeld å prøve seg fram her i livet.. Ein lærer så lenge ein lever... Det er så til dei grader idyllisk oppe ved elveutløpet frå Leknesvatna. Praktfullt. Ein av dei finaste plassane eg veit om. Foss i foss, små og store. Smålonar og kulpar. Blankslipte svaberg. Ein ypparleg stad å telte med ungar. Det er godt med fisk både i vatna, elva og lonane. Og fantastisk å bade. Med ei enorm utsikt til havs og mot fjellheimen. I dag var det nydeleg på ein annan måte. Tørr nysnø låg på haustfarga trær i morgonsola. Så vakkert. Så stimulerande. Turen var som ei vandring i eit eventyr. Vi vart reint øsne... Området ved elva mellom Leknesvatna er berre eit kapittel for seg sjølv. Med Eitrenipa kneisande i sør, Blegja i aust og vatnet nedover mot vest, er dette òg ein praktplass for telting. Som bilda fortel - idyllisk... Sjølv oppstigninga frå Leknesstølane er ganske tung. I dette nordvende området er sola òg vekke for vinteren no. Det låg ein 10-15 cm tørr nysnø oppover. Ikkje spesielt tung å vasse i, men ein merkar det etterkvart. Skaret opp på sjølve Eitrenipa var i tillegg litt isete og glatt. Eg tok difor fram isbroddane og ville dele den eine med Vigdis. Men sjølvhjelpen som ho er klarte ho seg ganske greitt utan, på nesten nye Scarpa sko. Oppe under toppen på Eitrenipa er det eit parti som er ganske luftig mot Krokavatnet. Men den tørre nysnøen gjorde det heilt problemfritt. Verre er nok dette partiet om vinteren hvis skaren ligg og snøen hallar meir utfor. Då er det nok godt med stegjarn i sekken... På toppen var det reine påskestemninga. Nysnø. Og sola varma der trekken ikkje tok. Eg har tidlegare hevda at finaste utsikta på heile Askvoll-halvøya er frå Eitrenipa. Iallefall vestover. Sjølvsagt er utsikta frå Blegja òg praktfull. Men Eitrenipa skjuler faktisk noko av utsikta vestover frå Blegja. Nemleg for noko av det finaste vi har i Askvoll - Krokavatnet og Fossedalen. Som dei fleste veit er dette området eitt av hjartebarne mine... Vi sat i lag der Vigdis og eg. I sola og nysnøen. I dette vidunderlege landskapet. Med fantastisk utsikt mot Blegja og all herlegdommen i vest. Og boka for neste sesong var på plass. Mission completed! Men i vest var det endringar på gang. Ein mørkeblå himmel fortalde sitt tydelege språk at det var nedbør i vente. Så etter litt klesbyte og mat, pakka vi i hop sekkane og tok nedatt skaret. Nede ved vatna igjen traff vi på ein ungdom og ein kar frå Kvammen. Vigdis kjende dei frå før, så vi vart pratande ei stund. Dei hadde gått etter fara våre heile vegen. Sidan dei var noko ukjende (kart og kompass hang på brystet på eldstemann), hadde dette vore bra. Vel, det var berre å følgje spora våre til topps, sa vi då..:-) Nedbøren starta ganske kjapt etterpå. Førebels vart det berre nokre einslege snøfnugg og litt vind ut av det. Men bygene var på veg inn Stavfjorden, så vi gjekk rimeleg rett ned igjen same vegen vi kom, til Markavatnet. Det var akkurat i rett tid, for i bilen heim begynte det å regne... Avgjerda om å gå berre på Eitrenipa hadde vore rett. Kjekt å vite då vi kanskje tenkte litt annleis på toppen... Det var ein kjemptur i dag. Eg er sikker på at ei som vanleg smørblid Vigdis skriv under på det. Takk for flott tur... Vigdis med første turen på Eitrenipa
Fra Eitrenipa 051008_1

Ingen kommentarer: