søndag 7. september 2008

Nye rundkast

Inn Førdefjorden mot Naustdal, Blåfonna og staurane denne laurdagsmorgonen. Morgonstund under Rørviknipa. Utsikt mot Blåegga, Eitrenipa og Tobbedalsvatnet i dag tidleg. Har du motivasjonen i orden...? Frå midt i stigninga gjennom ura. Det vart ein frisk start på dagen opp gjennom stien frå Rørvika i dag tidleg (lørdag). Sola var ikkje komen i den nordvende dalsida i 08.30 tida. Eg stilte som vanleg i shorts, og litt tjukkare Devold trøye for anledningen. Og joggesko. Det var ganske doggvått, men skoa heldt seg sånn nokolunde tørre. Fjorden låg blikkstille, perfekt mørkeblå, og spegla alt ikring. Ikkje ei sky var det på himmelen. Det gjekk radigt oppover. Som vanleg vart det litt meir trekk oppe ved hytta. Ganske surt for nakne lår. Kan tenke meg at temperaturen ikkje låg noko særleg over 5 pluss, sidan det var under 8 heime då eg reiste. Sidan sola heller ikkje var komen fram oppe under Nipa så tidleg, var det kaldt i trekken frå sør ned skaret. Men høgt aktivitetsnivå hjelpte på. Eg var på førehand litt usikker på om dogga låg på steinane opp gjennom ura der sola ikkje var komen. Men det var ikkje noko problem, for morgontrekken hadde effektivt tørka opp alt. Så turen opp gjennom ura og til topps gjekk lett og fint. Dei nye Nike gore tex joggeskoa eg kjøpte i vår, har vore supre. Men dessverre var det ikkje lenge mønsteret heldt. Turar på stein, fleire på Blegja, har nok skulda for det. Så skoa har nok fått gjennomgått med sin relativt mjuke gummi under. Omlag som å køyre piggfrie vinterdekk på sommarføre. Utslitt på ein augneblink. I motsetnad til forrige gong eg var opp, der det var ganske tjukk skodde på toppen, var det i dag perfekt utsikt i det klåre nordaveiret. Nydeleg og friskt. Godt var det likevel å få bytta i ein tynn fleece som eg hadde med i rumpetaska. Buffen hadde eg òg fått plass til i mi minimale oppakning! Frå eg var liten har det alltid vore noko spesielt med Blegja. Stor, majestetisk og litt uoppnåeleg låg ho der inne på hi sida av fjorden. Alltid spanande kor tid første snøen la seg. Som eit trekkplaster der draumane lever... I dag føler eg likevel at turen på Blegja ikkje kostar så mykje lenger. Iallefall frå Rørvika. God form og ei litt lettare utgåve av meg sjølv, har jo sjølvsagt alt å seie når ein går laus på bakkane. På veg ned igjen var det nokre få turfolk på veg opp. Leif F. som førstemann, var komen opp under Rørviknipa. Litt prat måtte til. Lenger nede var det òg andre. Ei på veg til Nipebua. Men ein slik flott haustdag, var det rart at ikkje fleire hadde teke turen. Det siste partiet mot Rørvika har eg opplevd forskjellig dramatikk. Og ei svært tragisk hending. Steinane ned bratta her er svært glatte. Eg har ofte lurt på kva som gjer at dei virkar nesten polerte. At dei somregel er fuktige i tillegg, skuldast vel at terrenget er nordvendt og at stien delvis føl elva. Den verste hendinga let eg liggje. Dei som kjenner meg veit nok kva eg siktar til... og det er ikkje noko å skrive om i bloggen... Men det var heller slett ikkje noko moro å få slått albogen ut av ledd etter eit fall for 3 år sidan. Vanvittig vondt. Rett på akutten. Sjukemelding og lang rekonvalesens. No gjekk det ikkje så gale i dag - ganske langt nede mot fjorden igjen. Det vart ein ny saltomortale med eitt kutt i venstre kneet og eitt ganske djupt på leggbeinet over ankelen. Og det gjorde sabla vondt. Spesielt då eg vaska vekk blodet i elva. Men eg tenkte egentleg ikkje noko meir på det då, før eg kom heim og Olaug tok kuttet nærare i augesyn. (Ho har jo jobba på legekontoret i minst 25 år, så ho såg med ein gong at eg måtte ha ein omgang med nål og tråd.) Det var fri sikt inn på kanten av sjølve leggbeinet.... Det er ei merkeleg oppleving kvar gong ein dett og tiendedelen etterpå då ein kjenner etter om alt er på plass eller ikkje. Tida står heilt stille. Egentleg litt ekkelt! Iallefall før ein konstaterer at alt er intakt! Ja, ja, litt småtteri må ein rekne med når ein støtt er på fjellrangel. Men det spørst om eg no ikkje har parkert dei slitte joggeskoa for hausten. Og kanskje shortsen òg? Ein kan jo ikkje lest som det er sommar heile året heller, sjølv om det er så mykje lettare å ta seg fram lettkledd, og med minst muleg vekt å dra på i bakkane...
Fra Blegja 060908_video
Fra Blegja 060908

Ingen kommentarer: