torsdag 25. september 2008

Lyset ebbar

MMS - Kontrastar frå den oransje Hundeheia til grøne bøar på Straumsnes Det vart ein aldri så liten kamp med klokka i ettermiddag. For å spare 10-15 minutt hadde eg pakka med meg sko og litt klede i bilen før eg reiste på jobb i dag tidleg, slik at eg slapp heimom, og dermed kunne køyre frå Førde til Rivedal på direkten. Driveknolten stod for tur for nest siste gong. Dette høyrest sikkert litt brutalt ut, men huset var tomt for folk likevel. Olaug var på shopping med Peter. Eg hadde for det første lyset å "slost" mot. Men minst like viktig var det at fruen skulle på øving med hornmusikken. Slike avtalar i heimen er eit must - dei kan eg ikkje komme for seint til... Eg skal late vere å utdjupe kva som kan skje då... No viste det seg at eg likevel hadde ein halvtime til overs i det eg kom heim. Men det skuldast først og fremst at eg aldri har brukt så kort tid inn og ut på Driveknolten som i kveld. Eg sprang Heileberget både inn og ut... Eg var levande redd for å komme for seint heim...:-) Noko tid til å nyte utsikta og omgjevnadane var det difor ikkje i kveld. Eg kjenner dette bra frå før då. Sjølv om både lys, skuggar og fargar endrar seg heile tida. No minkar det på tida for Driveknolten som fjelltrimpost i denne omgang (den kjem igjen om 5 år iflg. rulleringa). Etter det endelege målet eg sette meg denne sesongen, skal eg ha ein tur til før 5.oktober... Sjølv om eg må ta fram hovudlykta, er eg oppsett på at det skal gå i boks... Det var ekstra herleg å springe ned igjen siste delen frå Hundeheia til bilen i kveld. Eg var nesten litt øsen over kor godt turen gjorde, og kor mykje krefter eg hadde igjen. Supert!

Ingen kommentarer: