onsdag 10. september 2008

17.mai i september

Frå tur på Driveknolten 29. og 31.8 Eg var egentleg ikkje tenkt å kommentere årets hjortejakt. Eg fekk slik på pukkelen hitt året... Gjorde meg visst upopulær i visse kretsar då eg skreiv eit lesarinnlegg i Firda kalla "hjort er hjort"..... Noko meir negativt fokus på hjortejegarane no kan medføre problem med rekrutteringa, les eg! Jegerane held på å bli forgubba...ja, for gamle... Det er for få som vil skyte, og ein er redd for moralen til dei som er att, fordi det er vorte så mykje av skadedyra! Godt er det då at ein slepp gå noko særleg utanfor bøgarden for å få has på flåttberarane... Vi som vaks opp inne i Dalstunet, var ikkje van med uttrykk som "avskyting" og "ta ut" skadedyr. Dei som bruker slike ord er vel folk med høg moral. Det næraste eg kom slike avlivingar var vel den årlege seansen med grisen til Haralden i Dale som skulle takast av dage. Då var det ei slik gryling at det gjekk gjennom marg og bein på oss katane. Ja, eg trur min santen at dei som vaks opp ute på Bjerga òg, vart prega av denne årvisse hendinga. Eg ser ikkje vekk i frå at dette har ført til ein viss medfølelse for skapningane som skal takast ut! No er det sjølvsagt slik her i livet at folk er ulike, slik er det vel med jegarane òg. Vi har jo desse rambokledde ungdommane eg møter snikande rundt om i veggrøftene på veg til jobb. Ofte med ei diger, kledeleg snusleppe atte til. Eg fekk ei viss erfaring med å jakte på FI i marinen og sjøheimevernet. Òg om natta. Både på sjø og land. Når du kjende kvitlaukånden til fienden halvmeteren framfor deg i lyngen i svarte natta, var det jo ikkje så reint sjeldan at hjartet gjorde eit hopp! No var jo desse øvingane meir under kontrollerte former. Med raudfis i magasinet. Men det hende no både beinbrot og anna der ein bevega seg rundt ute i det fri i totalt mørke. No er vel ikkje akkurat hjorten nokon FI, men spenninga er vel kanskje den same som eg fekk oppleve den gongen? Det er kanskje difor ein må sjå ut som om ein skal på eit forseinka tokt i Vietnam òg, med geværet klart til bruk, der ein snik seg rundt slik i vegkantane at vi vanlege arbeidsfolk held på å køyre av vegen.. For det kan jo hoppe ein asylant ut av buskene...? Eller kva...? Kva veit eg? Eg trudde dessutan at hjorten var fargeblind òg eg... No er det visst ikkje så vanleg at ungdommane er i militæret lenger. Men ein får no ha ei viss tiltru til at dei likevel får den opplæring dei treng når det gjeld våpenbruk og varsemdsreglar knytt til jakta på skadedyra. Skjønt, heilt trygg føler eg meg ikkje. Iallefall hvis ein reknar ut frå utsjånaden.... Heller ikkje at det no blir gitt så mange løyve frametter at det kanskje fell eit skot eller to som burde ha stått igjen i børsa. Ein hjort til eller i frå spelar vel ikkje så stor rolle lenger... Det er jo så mange å ta av! Ja, ja. No blir det vel til at eg får i meg slengt at eg sikkert trur at kjøtet er laga hjå Rema igjen. Så naiv er eg då ikkje. Eg er heller ikkje så naiv at eg trur naturen ordnar opp sjølv i kaoset rundt den aukande hjortestammen. Eller kven veit? Generelt sett har eg tru på at naturen ordnar det meste berre vi menneska let han i fred. Som ivrig fjellvandrar er det heller ikkje heilt fritt at ein går inn i ei meir spanande tid. Uttrykket om å iføre seg raud topplue er vel kanskje ikkje berre ein spøk. For når ein brått blir riven opp frå eigne tankar av børseskot rundt øyra, er det ikkje fritt for at ein føler eit visst ubehag. No skal visst jakttidene utvidast til snart å gjelde halve året òg. Då må ein vel berre finne seg i å måtte leve med dette ubehaget, vi som søkjer skog og fjell for avkopling og fredelege stunder. Mange vil nok sikkert telje litt ekstra på fingrane før ein vandrar inn i område med rambo-typar snikande rundt òg. Med kløe i fingertuppane er det jo ikkje heilt godt å vite kva som kan skje hvis ein kjem i skotlinja for hjorten. Og kven veit hvis ein skremmer byttedyret? Fredelege vandrarar kan vel i beste fall på passet sitt påskrive... Ja, kva i verste fall... Men jakt må vi vel ha. Det er berre det at EG likar dyra betre i live. Desse flotte skapningane gjev meg meir glede i live enn i fryseboksen. Vi må jo sjølvsagt ha begge deler då. Det er berre det at eg heller overlet til dei som likar å ta livet av medskapningane våre til å ordne det. Så kan eg heller få ha gleda av å sjå dei i live. Daude dyr er lite interessante for meg. Dei gir meg så lite... Og snart flyt vel blodet utover avisene og nettet igjen... Daude, livlause auger møter ein... Og fantastiske jaktopplevingar over kor mange skadedyr ein har skote på so og so lita tid, gjerne med ein sigerssigar i hende. Alltid med berre ein vinnar... Hjorten vinn sjeldan i skrytehistoriane... Nei, skal du lese jakthistorier må du ta fram von Munchhausen... Han kunne jakte han! Men det er vel tvilsamt om jaktfantastane har høyrt om han... Det siste skotet på stammen blant enkelte jegarar, er visst utvikling av eit mystisk syndrom kalla jegermani. Som det ligg i ordet er dette jegarar som det "bikkar over for". Dei får ikkje tilfredsstilt sine behov for spenning og drap med det dei har fått løyvt, men går på jakt ulovleg, krypskyting, gjerne i nattens mulm og mørke med lyddemparar. Vel, dette er då sikkert ikkje så nøye heller lenger? Di meir det blir skote ned av skadedyra di betre er det vel? Dei veks jo i antal òg... Så då så... Ja, ja, det er mykje for helsevesenet og folk i kvite frakkar å ta fatt i om dagen. Nye sjukdommar dukkar stadig opp. Frå før har vi jo dei fjellomane... Men dei er kanskje meir tilforlatelege i si livsutfolding... Nei, no må eg visst passe meg. Eller så blir det gitt ut jaktløyve på meg òg.. eller dusør, der eg fredeleg kjem springande... Men eg kan ikkje forsvare meg med noko anna enn at slik er no berre EG ein gong skrudd i hop. Anten det er grisen til Haralden i Dale som har skulda, eller noko anna. Maskingeværet er iallefall innlevert. Gullmerket, beviset på mi våpenhistorie, ligg i ei eller anna skuff, anten hjå foreldra mine i Dale eller i Stongfjorden. Kva veit eg... Den er iallefall lite å forsvare seg med... Det gjekk tre skot utover fjorden i dag tidleg. Både Peter og eg kvakk i senga. Han la armane litt tettare rundt meg... Eg skjønte jo samanhengen med det same. Litt verre var det for han som lurte på om det var 17.mai eller nyttår... Tidspunktet for salutten stemde bra med det første. Men eg måtte fortelje at det sikkert var eit par, tre hjortar mindre no... Han tenkte seg litt om og spurde: "Lei hjortane"? Nei, det gjorde dei ikkje, svarde eg.. Dei som jaktar her er flinke jegarar. Dei er vaksne opp med jakt, og dei har jakta i mange år. Dei veit kva dei balar med...

Ingen kommentarer: