tirsdag 5. august 2008

Russarar på Blåfjellet



MMS frå Blåfjellet i ettermiddag

Diverre var seglskutene på Tall Ship Races forseinka til Askvoll òg i dag. Men den guida turen vår på Blåfjellet gjekk likevel då det dukka opp 7 russarar frå båten Akela. Fin gjeng. Gode i engelsk. Og dei gjekk heilt greitt i bra tempo opp på Blåfjellet.

Her er det fin utsikt mot Alden, Granesundet, Staveneset, Atløyna og deler av Askvoll. Russarane var både blide og nøgde. Han eine lurte på kor baren var då vi kom opp... For kva gjorde vi der oppe utan? Men vi hadde berre vatn med oss i sekken. Russarane var vel kanskje like vane med anna blankt drikke...:-)

Vi var tre guidar på turen. Med så få deltakarar vart eg dimmitert nedom første bakken på veg ned igjen frå toppen. Mål: Fristadfjellet. Eg sprang difor nordaustover og over på hi sida av Askdalen. Her gjekk eg opp den vanlege stien. Det var eit skikkeleg regnveir oppover. Eg gjekk berre i shorts og goretex jakka. Men med god temperatur var det heilt flott. Det var herleg og lett å springe vegen frå toppen til parkeringsplassen ved kyrkja heim igjen.

Kjekk og frisk tur!



Blåfjellet_Fristadfjellet 050808

Ingen kommentarer: