onsdag 13. august 2008

Nye vardar på Driveknolten

Solnedgong ved Skålefjellet og Stølsfjellet tidlegare i sommar Utsikt mot Øyna og Bortheim frå skaret opp ved Høgknolten på vegen mot Driveknolten Eg traff på Vigdis mot Driveknolten i kveld. Kjekt med selskap etter gamalt. Ho hadde gjort ein flott jobb med varding innover Heileberget mot Driveknolten dei par siste dagane. På returen frå Nipebu i sommar, ilag med Olaug, Peter og Andreas, merka eg behovet for fleire vardar. I tjukk skodde er det ikkje heilt enkelt inne på Heileberget. Og skodda kjem veldig fort på her inne. Den flate og småkuperte landskapen "flyt" veldig i eitt i dårleg sikt. Vi gjekk sjølvsagt i lag resten av stykket inn og ut igjen. Det heldt seg opplett heile turen til vi var komne tilbake til vegen for kraftverket. Eg gjekk kun i shortsen i kveld. Men sommarregn på naken hud er berre oppfriskande. Nesten litt moro. Men eg får vere snar å føye til - når ein slepp å gå våt lenge og vegen heim er kort... Elles er det vel ikkje så mykje å fortelje heim om. Turen gjekk lett og greitt, formen er jo bra! Vi slepp å vente på kvarandre... Vi har jo vore inn mange gonger begge to. Som tidlegare nemnt skal det bli godt å få skifta ut fjella i fjelltrimmen snart. Litt småleie? Men det er no so - enkelte har jo gått litt meir på dei enn andre...:-)

Ingen kommentarer: