søndag 3. august 2008

Magiske Nipebu


Eitrenipa og Blegja kl 04.10 natt til søndag. Torevèr i aust.

Langevatnet og Markahengenipa kl 04.12 natt til søndag.

Frå altanen på Nipebu kl 04.14 natt til søndag mot nord.


Fredag 0108

Eg gjekk inn Vagstaddalen i shorts med 80 l sekken på ryggen i 17. tida. Det var varmt. Og eg vart fort sveitt! Men etter ei lita stund vart eg meir van med sekken og fann eit høveleg tempo innover. Eg traff Asbjørn T. og Sonja inne i dalen. Dei såg etter sauene og gav dei mjøl (Og eg traff dei utatt i dag søndag òg. Hadde alle sett etter sauene på same viset...). Vi slo av ein prat (begge dagane).

Eg måtte nesten tenkje tilbake på onsdagen for 14 dagar sidan då eg gjekk inn same vegen, og dalen var nesten oversvømt. Vatn og svære elvar frå Hundeheia og Høgholten overalt. I dag var det knusktørt. Til og med hovudelva ned gjennom dalen var ei lita sitle. Utløpet av elva frå Atlevatnet som sist var ein diger buldrande foss, var no som lunka musepiss å rekne. Fantastiske forandringari vassføringa. Turen inn dalen og opp til Nipebu gjekk fint på eit par timar inkl. ei pratestund...

Etter eit par skiver skiver var det tid for fiskeøkt. Eg hadde teke meg ein sup vatn i elva frå Atlevatnet på veg opp. Eg vart forbausa over varmen i vatnet. Heilt lunka. Sikkert fleire og 20. grader. Dette bekymra meg. Og det viste seg dessverre å halde stikk. Vatnet var altfor varmt og totalt livlaust. Fisken stod sikkert klin i botnen og var heilt uinteressert. Og som fisketur kan eg vel røpe med ein gong at helga vart mislukka. Men dessto meir avslappande kan eg vel seie....:-)

Lørdag 0208

Eg vakna første gong ca 04. og kikka ut glaset frå senga. Det var lysna litt av dag og eit fantastisk raudt morgonlys prega himmelen i nord og aust. Eg høyrde tòra slo nokre slag langt inne i indre strok. Eg fann fram kameraet og fekk teke nokre bilete av himmelspelet (fotografi kan aldri erstatte røyndommen). Det var heilt utruleg å vere vitne til. Det er kjekt å føle seg litt i pakt med omgjevnadene...

Eg vakna neste gong kl 06. Ute om nòva gjekk eg rett inn i eit spindelvev. Eg sprang like godt berrføtt ned til vatnet, skrella av meg trusa og stupte i vatnet. Fekk av meg "alt" som følgde med spindelvevet, som låg klistra til den nakne huda mi, inkl. mygg, klegg, vevkjerringar...og anna...:-) Morgonbad i blanke messingen sommarsdagen, er eit av dei store pro på Nipebu!

Medan eg inntok frukosten begynte det å regne. Først litt, sidan meir. Så seig skodda inn frå vest. Eg tok meg difor ein ny fisketur, litt oppglødd av at det endeleg regna. Det var likevel ikkje så lenge verken regnet eller fisketuren stod på. Og resultatet vart like magert som kvelden før. Eg bestemte meg difor for å gå på Driveknolten i staden. Måtte få utløp for kriblinga i blodet...:-)

Det var ganske fint og varmt første delen sørover. Men heldigvis hadde eg teke på meg Arcteryx jakka og buksa. For når eg nærma meg toppen av siste svaberga, slo det til med eit vanvittig regnvèr. Det var heilt vilt! Regnet slo slik mot hetta at eg fekk dott i øyra. I tillegg seig skodda på frå sørvest, tjukk som graut. Det var nesten uverkeleg siste stykket. Det gjekk likevel greitt å finne varden og få namnet i boka.

På veg ned igjen letta det. Men eg har aldri sett maken til elvar frå fjellsidene på Heileberget. Det ausa ned etter fjellet... Heile vegen innover! Byga hadde vel berre vart eit kvarter til tjue minutts tid, men det var nokre utrulege mengder som var komne ned.

Vel tilbake i hytta etter ein opplevingsrik tur, var det tid for mat og drikke. Og ein god tørn i senga etterpå med Opptur boka. Herleg i stilla.

Seinare på kvelden var det ny fiskeøkt. Då fekk eg rett nok nokre fine kjø, men tolmodet var på ein måte oppbrukt... Det låg i korta. Det var ikkje helga for fiske. Eg fekk vatn på LCD skjermen på kameraet. Det blokka ut! Hjertet i halsen - nesten panikk... Eg rodde difor i land igjen etter nok ei vanvittig byge. Men heldigvis fekk eg tørka opp kameraet igjen - og fantastisk - det fungerte. Puh!

Litt seinare på kvelden i opplett vèr, men tjukk skodde, tok eg meg ein ny dukkert i det lunka Langevatnet. Eg fiksa med meg eit såpestykke og fekk vaska av meg dagens "gjøren og laden"... Det var godt og behageleg å komme opp igjen i den varme hytta.. Ein god følelse å komme inn under dyna.

Søndag 0308

Eg vakna opp til klår himmel og sol. Det var nok likevel tid for retur heim igjen. Eg fiksa hytta med rydding og vask. Fekk på plass båten, og rydda uthuset etter litt vedsaging. Hytta hadde skine etter at Asbjørn og Hjørdis hadde vore på tilsyn der tidlegare i veka (det såg eg med ein gong på glasa då eg kom opp). Hytta måtte sjølvsagt sjå slik ut no òg. OBS! Nipebu skal (minst) vere i same stand som når du kjem... Eg tok ikkje oppatt på Driveknolten med sekken på ryggen i dag, men returnerte rett ned att Vagstaddalen. Fin tur til Rivedal i delvis skya vèr og god temperatur.

Det var nok ei flott helg på Nipebu. Som sagt var dette ikkje helga for fiske. Men å slappe av der inne på luksushytta er eineståande, fiske eller ikkje... Det er jo eit eldorado uansett.

Olaug og Peter traff eg som avtalt i Eidsfjorden. Dei skulle ein liten tur til Flekke. Så etter at eg kom heim til tomt hus, var det tid for mat og ein strekk på sofaen. Reine eremitt-tilværet..:-)

Men etter å ha vore hinsides ein liten time, og endeleg vakna til liv eit bèl seinare, tok eg meg likegodt ein tur på Skålefjellet frå Gjerdedalen. Måtte sjekke boka...:-) Tid for å få ut litt av overskotet etter helga...:-) I berre shortsen og joggesko gjekk det fort opp på toppen. Det vart litt regn og skodde der oppe, men pytt, det var berre å halde farten oppe.... Temperaturen var ikkje så aller verst. Så no er det tid for ei ny arbeidsveke.

Nipebu 0108-030808

Ingen kommentarer: