torsdag 28. august 2008

Kjensler og livskvalitet

Ein blogg kan vere så mykje. Den kan fungere som ein salskanal av produkt. Eller som ein fremjar av politiske og samfunnskritiske meiningar. Nokre fungerer nærast som ein chatte-kanal. Min blogg er i hovudsak ein turblogg med naturbilder og folk i naturen. Eg har sjølvsagt mykje bilder eg aldri legg ut på bloggen. Bilder av meir privat art. Somme har teljar innstallert på bloggen sin for å sjå antal treff frå folk som er innom sida (noko eg ikkje har) eller linkar til andre sider (som eg heller ikkje har). Enkelte har òg lagt inn mykje av privat art som kva ein les, kva ein ser på t.v. etc. etc. Eg har det synspunktet at di meir "støy" det er inne på sida, di meir druknar det eg vil ha fram. Difor prøver eg å halde ei forholdsvis "rein" side. Eg tykkjer òg at den ser betre ut då. At det er folk som les bloggen min og set pris på bilda mine, er sjølvsagt noko eg blir glad for. Det er kjekt det finnst andre som deler interessa mi for natur, trim og naturbilder. Ja, fleire og fleire får auga opp for dei gleder og overskot naturen rundt oss gir. Og det er sjølvsagt hovudgrunnen til fleire av oss vel å bu der vi bur òg. Livskvalitet er eit ord som kling godt i øyra.. Men det er sjølvsagt så lite konkret at kvar og ein lyt gje det innhald. Ein har no likevel berre dette eine livet, så då lyt ein jo prøve å gjere det beste ut av det... same kva reiskap ein har fått utlevert. Eg har fått ein del tilbakemeldingar på bloggen min siste månadane. Siste dagane faktisk fleire. Udelt positive. Sjølvsagt varmar dette. Eg har knytt fleire kontaktar med folk eg aldri har møtt, eller visst om. Og kan halde kontakt med andre eg kjenner. Frå dei fjernaste stadar. I Tyskland held eg kontakt gjennom bloggen med ein tysk familie som har vore her på sommarferie fleire gonger, og som kjem att neste sommar. Ja, til og med frå Canada mailar eg med ein kvinneleg forfattar. Det viser kva kraft nettet har. Men ikkje minst kva kraft som ligg i den flotte naturen som omgir oss. Ei kraft som ikkje kan målast i pengar og KWt for den del... I dag tikka det forresten inn ein SMS òg som avslutta slik: Skal helse frå fjellet, Eg kjem med bud Det lyste så herleg der inne På floene sto myrduna brud Og vindane leika så linne Det ligg mykje i slike vektige ord. Dei som har denne kjensla i seg veit at ord heller ikkje alltid er nok...

Ingen kommentarer: