lørdag 9. august 2008

Folksomt på Blegja

Sola stikk gjennom på toppen. Heilevangstaurane i bakgrunnen. Bratt ned igjen til Rørvika og Førdefjorden. Utsikt mot Rørviknipa. Løypa sørover går gjennom skaret ved snøflekken t.v. Det er godt varda herifrå og heilt til toppen... Det var ein liten nedtur å sjå ut glaset i 6-tida i dag tidleg å registrere at det var heilt overskya og vind. For eg hadde bestemt meg for å gå på Blegja før eg sovna i går kveld. Med utsikt til Skålefjellet, låg eg difor ei stund lenger i senga og funderte på alternative planar. Dale-tur låg nærast i korta. Dalsfjord-veke som det er og alt... Ein times tid seinare var det likevel eit mykje lysare skylag ute. Og vinden var stilna av. Då bestemte eg meg for å gå likevel. Omlag klokka 8 var eg på plass i Rørvika. Ingen andre hadde parkert endå. Eg hadde teke på meg superundertøy på beina med shortsen ut igjen på. Ovantil gjekk eg i bar overkropp. Det var overskya, men veldig finn temperatur å gå oppover i. Så eg toppa ut før kl 10 utan problem... Litt småstopp for fotografering hadde det vore òg. Hadde det gått så lett opp nokon gong før? Spørsmålet hang i lufta... På toppen låg det eit tjukt skoddelag på sørsida. Men på nordsida mot Førdefjorden var det klårt. Berre nokre lette skoddedottar fauk forbi Rørviknipa. Sola var stort sett fråverande så tidleg. Heldigvis var det heilt stilt. Utsikta var formidabel i det klåre nordadraget. Havet og himmelen ute i vest knall blå. Likeeins innatt Førdefjorden og mot Rørvika og Vevring. I dag vart eg difor verande ei heil stund på toppen, tok bilder, naut utsikta og inntok litt turmix, XL1 og banan. På veg ned igjen gjekk eg aldeles mot folkestraumen. Første paret traff eg nedom Nipevatnet. Sidan gjekk det slag i slag. Pulje på pulje med folk. Sikkert bort i mot 20 stk totalt. Enkelte hadde visst starta seint. Eg traff faktisk folk som skulle oppover då eg var komen heilt ned igjen. Somme hadde nok registrert at vèret skulle bli betre ut over dagen. Ja, ja kvar sin smak... Eg føretrekkje no helst overskya og låg temperatur oppover dei bratte bakkane, istaden for steikjande sol... Og så går ikkje heile dagen med. Men det er jo greitt at sola dukkar opp lenger oppe mot toppen der fjellufta har ein annan temperatur enn ved havet. Eg var heime igjen til lunsjtider. Så då fekk eg 2 mål oppkappa bjørkeved som låg på tunet frå i går i hus òg.... Flott tur. Reine standard-opplegget med Blegja òg no...
Blegja 090808
Blegja 090808_Video

3 kommentarer:

AG sa...

Du skriv lite om det du ser på desse turane dine Gusten, så eg tenkte att eg skulle få dele med deg ein liten tur eg hadde på Lørdag.
Eg tok opp med kraftlina bak huset til Knut Ole og Greta da eg kom opp på Uraneset kom eg på ei kolle som gjekk og beita berre 30m fra meg.
Eg vart sittande og sjå på ho ei stund, laga litt lydar så ho skulle forstå eg var der, men ho berre lyfte på haue før ho starta og beite att.
Då måtte eg berre gå fram for å komme vidare. Då ho såg meg berre rusla ho roleg derifrå og ned mot Neset.
Eg fortsatte mot Espeskogen, men før eg kom bort vart eg var ei ny kolle som sto og såg rett på meg da eg kom ut av einen, så ho hadde nok høyrt meg.
Ho var ikkje sikker på kva dette var for ein framtoning for ho vart ståande og teste meg ut.
Først litt vifting med øyrene, så opp og ned med haue før ho tok etter dansarane i India og svinga haue fra side til side medan ho trampa i bakken.
Eg kjende eg fekk ein trekk i naken og da lufta kom fram til kolla for ho fort avgårde.
Eg fortsette forbi Espeskogen og opp i Kjenndalen der eg vart var ein bukk til sides for meg ca.40m oppe i dalsida.
Han hadde nok høyrt meg, men hadde ikkje lufta av meg så han gjekk roleg inn i dalen.
Eg tenkte eg skulle få sjå han betre så eg tok ein omveg der eg trudde han ville komme.
Inne i dalen fauk det opp ei Ringdue og ein Orrhane som sette utfor kanten.
Da eg kom opp der eg trudde bukken hadde gått kom eg på to dyr men det var så tett att eg ikkje kunne sjå kva det var og dei strauk rett til fjells.
Eg fortsette derfor mot Klettane og der gjekk det sauer og beita.
Ned att mot Brekka kom eg på ei kolle som gjekk aleine.
Eg sette meg ned ei stund og såg på ho der ho gjekk og rusla og beita på godt gras. Etter ein 15-20 min la ho seg ned og da sneik eg meg innpå til eg var berre 20m fra ho.
Da tok ho lufta av meg og for småspringande avgårde.
Tok deretter turen mot Gjerdestølen.
Der gjekk det ein liten revunge og rusla.Det er så ope i skogen der så eg såg han på ca50m. Han var veldig fin, med mørk rød/svart pels.
Det virka som om han var på musejakt for han for og svinsa fram og tilbake mellom stein og nedfallstre. Eg kom ganske nær han før han vart var meg, men da fekk han farten opp.
Da eg kom bort i Revestensgjelet fekk eg hjorteluft i nasen så eg viste det var dyr der og ganske riktig. Fyrst såg eg eit fjorddyr før det kom ei kolle fram bak ein einer og bak henne to fine kalvar.
Fjorddyret hadde sett meg ,men det hadde ikkje dei andre. Ho sprang ut 10m og da reiste den andre kolla haue og sto stille. Så kom fjorddyret tilbake og stilte seg ved sida av kolla og såg rett på meg.
Men dei hadde ikkje luft av meg så dei viste ikkje kva det var som sto der. Fjordkolla gjorde eit nytt utras men kom tilbake.
Eg sto der som ei saltstøtte så til slutt rusla dei berre vekk derifra.
Da gjekk eg ned mot Uthogsten og der gjekk det ei kolle og beita.
Eg sette meg ned og såg på ho ei stund og da kom det ein liten prikkete kalv ut bak ein einer.
Eg skulle vidare så eg laga nokre gryntelydar slik att ho vart var meg og da ho hadde studert meg ei stund tok ho kalven med seg og rusla derifra. Då hadde eg berre 50m att til eg var på veien og kunne trakke heim på 20min.
Ein fin liten tur på 5 timer i lett terreng med fine opplevelser og niste hadde eg ikkje behov for, ettersom det var så mykje Blåbær og Molte i marka att magen vart full av dei beste vitaminkjeldene som er å få.
Kjempetur

Unknown sa...

Flott Arild. Du har taket på dei der kollene. Eg har vel ikkje vore fullt så heldig...

Hjorten er eg berre glad for at eg ikkje køyrer ned om dagane. Av det meir spesielle ikring sorten skremde to koller og ein kalv halvveges vatnet av meg nedanfor Pergytten (ovanfor sørenden av Krokavatnet på vegen til Nipebu) for 14 dagar sidan. Dei sprang ut av småskogen 20 meter framfor meg medan eg heldt på å stryke med av varmen.... Det er artig for ein vanvittig fart dei kan sette opp.

Takk for tipset om å skrive meir om det eg ser. No har eg gått mykje på fjelltrimpostane i det siste, og så mykje nytt er det vel ikkja alltid. Spesielt når det har vorte så mykje som i det siste.

Eit poeng er det òg at når eg skal til å skrive om kvelden etter ein lang dag på jobb og i fjellet, er ikkje alltid overskotet heilt på topp...!

AG sa...

Eg er med deg på alle turane dine på nettet, så det er fint att du vil dele dei med oss som ikkje har helse til dette.
Nydelege bilder tek du og.
Fortsett med det:)