fredag 15. august 2008

Eit tvilsamt høgdehopp

Motiv vestover frå toppen av ura og kanten av topplatået på Blegja Eg hadde ei artig oppleving på veg til arbeid i dag. Og det her er mat for Arild G. For det her handlar nemleg om hjort. Akkurat det er jo ikkje så uvanleg. Eg held jo på å køyre på rasen til dagen til og frå arbeid. Og av og til slær eg likegodt av ein prat med dyr som ikkje vil flytte seg. Det virkar nesten som dei blir tamare for kvart år. På toppen av Ulveskaret, eit par hundre meter frå krysset til Kvammen, står det ein kronhjort, 6 taggar eller noko slikt, og ei kolle i dag tidleg. For dei som er litt kjende her, veit at vegen er oversikteleg. Eg ser dei difor på lang lei, der dei roleg går spaserande i vegbana. Når eg så køyrer bilen nesten heilt fram til dei, tuslar dei ut av vegen. Det går eit gjerde på venstre sida av vegen her med flate bøen på hi sida. Eg ser kolla som nesten står i ro, byks til over gjerdet. Berre med det resultat at ho trynar i toppen på gjerdet og dett som ein tomsekk ned på hi sida. Og dyret ser eg ikkje igjen. Og ho dukkar ikkje opp igjen! Eg set difor bilen i revers for å sjå korleis dette gjekk. Hjorten kunne jo ha skada seg i framføtene eller eit kvart... Men heldigvis, i det eg kjem bort og skal gå ut av bilen, har hjorten stabla seg på føtene igjen og tuslar litt slukøyrde bortetter bøen etter kronhjorten. Eg måtte nesten fline litt med meg sjølv. Hjorten virka omlag som ein høgdehoppar etter å ha rive tredje forsøket i høgde... Skuffa, såra og vonbroten, kanskje litt flau i blikket ho sende meg òg... ja øyra hang til og med...! Eg fekk nesten eit personleg forhold til stakkaren etter dei få sekunda dette stod på.. Det var ei merkeleg oppleving. Elles var eg ein rask tur oppom Kvamsnipa på veg heim igjen frå arbeid. Fekk såleis fullført ei ny runde i fjelltrimmen. Kva det blir til i morgon, er i skrivande stund ikkje heilt klarlagt. Kjempeflotte meldingar er det iallefall til helga. Det kan bli Blegja - igjen - hvis organiseringa går i orden...:-) Men søndagen går iallefall med til barnedåp i Førde på tvillingane eg er bestefar til.

1 kommentar:

AG sa...

Flott møte, og ein fin fortelling.
You made my day :)