lørdag 16. august 2008

Det lakkar og lir mot haust...

Utsikt mot vest frå toppen av Blegja i dag Austover mot Heilevangstaurane, Likkjehesten og Storehesten i dag. Blegja, Likkjeblegja og Eitrenipa frå Kvamsnipa i dag Det vart ein fantastisk lørdag. Knallblå himmel frå morgonen av, men berre 8 grader i Stongfjorden. Det ville sjølvsagt bli varmare ut over dagen. Vi hadde fått organisert heimen slik at eg fekk gå på Blegja igjen. Det stod allereie to bilar i Rørvika då eg kom der i halv 9 tida. Den eine såg eg var Vigdis sin. Alltid tidleg ute den jenta. Den andre kjende eg ikkje. I det eg skulle til å gå, kom ein ny bil å parkerte. Folk kjende si besøkelsestid såg det ut for. Eg la godt i veg oppover bakkane. Friskt i shorts, gore-tex joggesko og ei tynn trøye. Eit stykke oppe i første bakkane høyrde eg prat og tok igjen to jenter som eg ikkje kjende. Eg fekk seinare vite av Vigdis at det var Katrine og Siv frå Gjelsvik skule.... Det var heilt klart haust i lufta lenger oppe under Rørviknipa. Friskt drag i den klåre lufta. God sikt vestover til havs og mot Eitrenipa. Lange skuggar frå ei sol som til tider var plagsomt låg og blendande for auga. Mot toppen og lenger oppe i ura, hadde det vore frost i løpet av natta. Eit fuktig lag med væte, som var smelta på morgonen, gjorde det glatt enkelte plassar der sola ikkje hadde kome til. Obs og obs! Fleire gonger glei eg på steinane. Og knærna ser i kveld ut som dei har vore angripne av ein villkatt. Det er dessutan veldig lett å trakke på kantane av stein og heller som slær opp i anklane og leggene. Har fleire småkutt av dette òg.. Dette er litt av prisen... Mot siste delen av ura mot toppen, dukka Vigdis opp på returen sin. Vi slo av nokre ord der oppe før eg gjekk opp siste biten. Klokka passerte akkurat 10 då eg kom oppe på platået. Ny pers... Det var lite vind, men litt meir skyer etterkvart. Heldigvis hadde eg ny trøye med meg. Den eg gjekk i var sjølvsagt gjennomvåt... Eg åt ei banan, skifta sokkar og tok nokre bilder, før det bar ned igjen same vegen frå vestkanten av platået. Vigdis såg eg ikkje att. Men eg traff Katrine og Siv midt nede i ura. Still going strong...! Og heile vegen til Rørvika igjen ploppa det opp med folk, som regel to og to. Blegja er visst populær om dagen. Kjekt er det! Turen ned gjekk greitt. Eg tok det relativt roleg. Hastverk ned igjen ura er litt skummelt. Eit par skrammer vart det likevel på knærna. Men det er peanuts.... Eg følte meg framleis i veldig fin form då eg kom i Rørvika igjen. Eg bestemte meg difor å stikke oppom Skjerlia og Kvamsnipa sidan eg hadde så god tid og var i traktene. Klokka var heller ikkje meir enn vel 12. Fin og grei tur opp dit òg. Som vanleg. Ikkje så mykje å skrive om den. Men litt spesielt var det å stå på toppen å skue rett austover og bort igjen på Blegja. Blegja virkar både imponerande og staseleg frå Kvamsnipa. Og eg hadde nett vore der... òg...!
Blegja og Kvamsnipa 160808

Ingen kommentarer: