tirsdag 8. juli 2008

Tur frå draumane sitt teater




Motiv frå turen på Blegja og Eitrenipa i dag

Dei fleste veit vel etterkvart at eg er glad i Blegja. Ikkje nødvendigvis for at det er høgste fjellet her ute, og dermed kanskje største utfordringa å komme seg opp på, men mest for den praktfulle utsikta. Du ser vide og breitt i alle himmelretningar.

Eg gjekk difor opp att i dag. Var jo oppe søndag òg...men dei galne har det godt seiest det. Må jo nytte vèret, medan det er så fint som no. Men i dag gjorde eg det likevel litt annleis. I staden for å gå ned att i Rørvika, gjekk eg ut heile Blåeggja, opp på Eitrenipa og ned igjen til Leknesvatna og Markavatnet.

Eg starta kl 08 i Rørvika. Eg slapp å gå i solskinn opp brattaste bakkane, då eit skylag låg pent framfor sola. Det var like greitt. Eg kom meg raskt og greitt opp til hytta, før sola for alvor stakk gjennom skyene. Passa heilt perfekt. Under Rørviknipa forsvann sola igjen bak fjellet, med den påfylgjande kalde avrivninga på den nakne kroppen som eg er van med her... Kviknar godt til av det.... På nesten 1000 meter er jo temperaturen litt annleis enn ved fjorden. Spesielt i skuggen og med litt fjell-trekk.

Eg stod på toppen ca kl 10, etter å ha gått opp ura på nordsida. Ingen trekk. Heilt stille. Og fantastisk sol... Heitt og godt å sitte på sørsida av varden. Naken. Som ein draum... Scener som går rett inn i minnealbumet!

Etter litt ro, bilder og sms/mms, gjekk eg sørvest over steinplatået på toppen og ned den bratte kanten på sørsida. I skaret tok eg opp att på Likkjeblegja. Utsikta til Dale og Dalsfjorden er formidabel her i frå. Likeeins til skogsvegen på Laukeland som rundar Laukelandshesten...

Det er ganske bratt ned frå Likkjeblegja når du skal vestover Blåeggja. Greitt å vere påpasseleg ned den bratte ura her.

Turen vestover Blåeggja er formidabel. Fantastisk. Med havet og alle fjella i vest i gåretningen, er utsynet ubeskriveleg. Likeins utsikta både til Dalsfjorden i sør, Florø i vest og Førdefjorden i nord. Ein kanontur. Hvis ikkje eit eller anna turistselskap ser verdien i dette området og hostar opp eitt turforslag på denne ruta, fattar eg ingen ting! Ok - det er Storehesten som er in, men området lenger vest er endå flottare, spør du meg...

Rosina i pølsa er likevel når du når toppen på Eitrenipa frå aust. Området som då faldar ut si prakt, er berre eineståande. Fossedalen og Fossedalsvatnet, og Krokavatnet ligg nedom føtene på deg. Rett nok 5-600 hundre meter nede då... Leknesvatna og Markavatnet ligg mot nordvest. Utsynet mot fjella vestover er formidabel. Du ser dei alle. Eit mylder av kjende fjell. Det er berre å sette seg ned og ramse opp fra A til Å.... Sjølv frå Blegja er ikkje utsikta over Askvoll-halvøya like bra som frå Eitrenipa. Både fordi Eitrenipa skjuler ein del for utsikta frå Blegja, men og fordi fjellet ligg ein god del lenger vest.

Neste år er Eitrenipa 30 poengar på fjelltrimmen. Det ser eg fram til. Den er lenger å nå enn toppane i år, men er ein skatt!

Etter å ha ete opp nista og banana mi, lufta tærne, og studert alt det kjære i vest, stakk eg ned skaret på nordsida, og var snart ved Leknesvatna. Er Eitrenipa ein skatt, er Leknesvatna ein skjult skatt. Det er utruleg vakkert her med elva og brua som deler vatna i to. (Øvste vatnet ligg ein meter høgare enn det vestlege). I enden av det øvste ligg Leknestølane, eller rettare sagt det som er igjen av dei. Berre grunnmurane står att frå det som eingong må ha vore ein praktfull støl i nydeleg lege. (For nokre år sidan låg eg eit par netter i telt med familien her inne). At nokon ikkje har sett seg mòn i å byggje opp igjen nokre av tuftene er synd. Kunne godt tenkt meg hytte på Leknesstølane!

At Eitrenipa går inn i fjelltrimmen frå hausten og til neste år, er bra for stien her inne. Eg hadde faktisk problem med å finne den heile tida, og gjekk meg utom fleire plassar. Ein omgang med ryddesaksa hadde gjort seg. Utruleg kor det gror til når det ikkje går folk... Vel, det får vi ta igjen til hausten...

Mot siste delen av denne turen ligg det òg nokre gullkorn. Elva går over flere avsatsar med flotte kulpar og lagunar, før den stuper ut for hammaren og held fram ned dalen mot Markavatnet. Fossefalla, dei slipte berga og lagunane er berre heilt nydelege. Fantastisk estetikk og perfekte å bade og fiske i. Fisk er her rikeleg av... Eit eldorado for telting med panoramautsikt til havs. Ein plass for eventyr og god oppdragelse for komande generasjonar... Ja, den ligg rett her oppe...! Skjulte skattar i fleng som så altfor få gjer seg nytte av...

Turen i dag tok 7 timar. Den kunne teke 7 dagar... eller 7 år...


Blegja_Eitrenipa_080708

Ingen kommentarer: