mandag 21. juli 2008

Nokon kjem og nokon går


Det regulerte Markavatn ligg der vakkert og fullt med vatn i ettermiddag. Kjekt for turistar som nyttar seg av DNT-ruta til Nipebu. Estetisk sett er skilnaden til Svelivatna i går formidabel. Diverre er det så at skinnet bedreg. Den biologisk rike strandsona er død pga. reguleringa.

Overgangen frå ferie til jobb i dag gjekk som eit skudd. Alltid like artig å sjå kven som er i banken når ein sjølv kjem tilbake frå ferie. Kollegaer som kjem att og dei som tok ut før helga. Og er det ikkje så at ferietida går fortare og fortare for kvart år? Det kjennest iallefall slik.

Eg fekk tid til ein tur oppom Kvamsnipa på veg heim. Det avgrensa seg til det. Har jo ikkje same anledning til fjellrangling i tida framover som i den utagerande perioden som var. Godt då å ha lagt eit godt grunnlag medan ein kunne.

Ikkje så mykje å seie om sjølve turen. Kjapt opp og ned i lette "småsko" og shorts. Som natt og dag i forhold til slitet eg opplevde i går. Lett å puste i frisk nordvest luft. Og sola skein frå skyfri himmel. Lufta var krystallklar, og sikta langt til havs super. Flott tur, men det kjennest faktisk litt i kortaste laget turen opp på Kvamsnipa no... Men det er forsåvidt ein grei følelse. Det er jo skummelt å gå for langt ned i kjellaren for ofte òg.

Ingen kommentarer: