lørdag 19. juli 2008

Lidenskap og kamp




Miljøvennleg grøn energi? Fleip eller fakta?

Søndag

Eg bestemte meg i senga for å prøve fiskestanga i Svelivatna i dag. Men eg tok like godt turen over Skålefjellet og poenga der, sidan det går å ta denne vegen inn dit òg. Dette er sjølvsagt lenger enn å gå frå Oslandsbotnen som ein pleier...

Det gjekk utruleg tungt opp på Skålefjellet i dag. Eg var heilt pumpa og tom for krefter. Ser ut som køyret i det siste har teke på. Væskebalansen var sikkert ikkje intakt etter gårsdagen heller. Noko var det iallefall, for kroppen var heilt dau. Litt skremmande egentleg når ein er van med å ause på oppover. Rett nok hadde eg ein forholdvis lett sekk på ryggen, men det skulle ikkje bety allverda. Ser ut som det er tid for litt restitusjon...

Eg åt noko melkesjokolade på toppen. Det hjelpte litt sørover fjella. Eg tok austover ned i Svædalen på den vanlege ruta som går vestover til Siklabergvatna.

Det var skremmande å sjå kor mykje SFE (Sogn og Fjordane Energi) hadde tappa ned vatna. 11 meter stod målet på i hin enden. Fullstendig ørkensone ved vatna. Eroderte jordmassar og fullstendig livlaust langs strendene og i vatnet. Leire og slam låg å skvulpa i vatnet mot land. Og fisken... skremmande... stort hovud og utruleg mager. Og i elendig form.

Sinnet mitt svinga mellom depresjon, fortvilese og forbannelse der eg vandra langs vatnet eit par timars tid i ettermiddag. Korleis denne utbyggjinga kunne komme i stand i si tid går over min forstand....

Eg hadde i grunn tenkt å bruke litt tid her i dag. Men fekk tilslutt nok av heile greia. Eg vart reint lei meg tilslutt. Resultatet av dette vart at eg måtte gå frå Oslandsbotnen til Osland og ned hovudvegen og opp igjen på bana der bilen stod. Olaug var på Skjærgårdstreffet. Det var ein kamp å måtte gå asfalten ned med dei tunge fjellskoa. Hadde jo trakka i fjellet i timesvis.

Etter dei fleste fjellturar er eg i god form og humør når eg kjem heim. I dag var det eit unntak. Ørkenlandskapet i Svædalen brenn endå i sinnet. Og føtene brenn òg... Eg får berre prøve å riste laust alt i hop i kveld, for i morgon er det på jobb igjen...



Motiv frå Kvamsnipa og Fristadfjellet på lørdag

Lørdag

Det vart Kvamsnipa, Fristadfjellet og Driveknolten på fjelltrimmen på lørdag. Omvendt rekkefølgje frå fredag. Eg var egentleg tenkt berre å ta dei to første. Men livet vart litt stressande då heile huset skulle på festen på Skjærgårdstreffet, og eg ikkje skulle, at eg like godt forlet den oppstyla og feststemte huslyden. Eg har ikkje så veldig sansen for slikt lenger. I tillegg blir folk så rare ut på kvelden.

Det var litt regn i lufta innover mot Driveknolten lørdagskvelden. I tillegg tok sørausten ganske bra oppe på fjellet. Men heldigvis gav regnet seg etterkvart. Berga var ganske glatte etter regnet og eg heldt på å tryne fleire gonger. Men elles gjekk det fort og greitt inn.

På toppen greidde eg å misse mobilen i dammen ved varden for andre gong i sommar. Den vart heilt rabiat etterpå. Men utruleg nok virka den seinare på kvelden då eg kom heim. Mobil og vatn er noko herk. Ser Sony Ericsson har ein ny no som skal tole det meste. Spørst om det er ein slik det må investerast i.

På veg ut igjen såg eg nytt regn på veg frå Stølsheimen og fjella mot Bergen. Men eg kom meg akkurat ut igjen før det sette inn. Det kjendest i kroppen no. Svolten og tørst. Snart leggetid...

Tidlegare på dagen hadde eg som sagt vore på Kvamsnipa om morgonen og direkte på Fristadfjellet etterpå. På desse turane gjekk eg berre i shortsen og heldt akkurat varmen. Ikkje så mykje å seie herifrå som ikkje er sagt før. Men det gjorde godt å få unnagjort ei ny runde på fjelltrimmen. Og grunnlaget for ei ny vart jo skapt seinare på kvelden (Eg har så mange turar på Skylefjellet og Skålefjellet at desse reknar eg ikkje med.... Det blir i tilfelle litt for variasjonen sin del inn att i mellom - hvis det er mulig å snakke om det...:-))

Ingen kommentarer: