torsdag 3. juli 2008

Frå hav til bre




To motiv frå Blegja og eitt frå Staveneset i dag

Vi gjekk opp frå Rørvika i dag kl 08.30 med Blegja som mål. Eg hadde med meg ei enkel, tynn trøye i rumpetaska. Men gjekk kun i anmarsjsko og shorts. Vigdis gjekk i fjellsko og shorts.

Det gjekk veldig radig oppover dei bratte bakkane til Nipebua. Sola var heldigvis ikkje slege gjennom eit svakt slør av skyer. Det gjorde temperaturen akkurat passeleg til å gå i slik at vi ikkja rann heilt vekk. Som eg trudde fekk vi trekk nedom hytta. Det var ein nytelse å gå så lettkledd høgt til fjells

Toppen nådde vi 10.30. Kjempegreitt opp utan pausar. Rett nok var det litt laus stein i brattaste ura under toppen som ein må vere obs på. Litt drag var det i lufta, så dei lette trøyene måtte på. Utsikta på toppen er som alltid spektakulær.

På veg ned igjen skeia først eg sidelengs i ura utan at det medførte noko anna enn eit par ekstra hjarteslag og eit risp på armen. Verre var det med Vigdis som misste fotfestet på eit sva litt lenger nede. Ho kom deisande ned fleire meter på bratte berget på rumpa. Eg sprang til for å nå jenta, men ho stoppa meteren før eg fekk ho i fanget. Fy flate kor eg kvapp! Hildrande du! Men det gjekk heldigvis nesten heilt fint. Eg fekk ikkje sjølv kontrollere status, men vart fortalt at situasjonen var under kontroll...:-) Rumpe + stein = ?

I snøhellingane som endå låg att, var det skikkeleg moro å stå på skoa ned. Nesten hockey-stilling eit par gonger!

På veg til fjorden nede i Lia, var varmen trykkjande. Det hadde vore andre bollar å skulle gått opp no midt på dagen. Det gjeld å komme seg tidleg avgarde slike varme dagar. Iallefall om turen skal vere av det behagelege slaget. Slike sommardagar er fjellbrisen berre utruleg herleg.

Etter å ha nytt sola på altanen seinare på ettermiddagen, vart varmen nesten for mykje av det gode. Lufta stod stille. Olaug og Peter var inne i Stongfjorden i fjæra med ein del andre folk og unger. Eg tok meg difor ein tur ut i det svalande havgapet på Staveneset. Nydeleg frisk havluft, og ikkje så trykkjande som dei 30gradene inne i fjorden. Og havbadet eg tok var absolutt av det kjølande slaget. Å nyte roen og havutsikta på Staveneset, er noko av det beste eg veit..

Blegja_Staveneset 030708


Blegja_video 030708

Ingen kommentarer: